Varsel om oppstart av arbeidet med «Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Sunnfjord kommune 2020 – 2023

Sunnfjord kommune varslar med dette oppstart av arbeidet med «Kommunal plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Sunnfjord kommune 2020 – 2023 Framlegg til planprogram vart handsama i fellesnemnda for Sunnfjord kommune den 6.2.2019.
Våre målsettingar er at planen skal fremje folkehelse, legge til rette  for lågterskel friluftsliv og bidra til at alle born og unge er aktive. Planen vil i hovudsak vidareføre anlegg som allereie finnast i dei gjeldande planane. 
Saksdukument og framlegg til planprogram finn du her:

Vi ynskjer tilbakemelding frå alle som er berørt av denne planen, og dei som er opptekne av idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i heile kommunen. Kom gjerne med konkrete innspel på prioriteringar og realisering av anlegg og aktivitetar.

Innspel kan du gje både via epost, post og munnleg:e-post:

  • postmottak@forde.kommune.no eller
  • post: Førde kommune, postboks 338, 6801 Førde, innan 19.04.19

Merk innspel Sunnfjord kommune, arkivnummer 19/12

  • Kommunehuset på Skei vil vere ope 27.03.19 kl. 16.00 – 20.00
  • Kommunehuset i Gaular vil vere ope 27.03.19 kl. 16.00-20.00
  • Kommunehuset i Naustdal vil vere ope 27.03.19 kl. 15:30-18:00
  • Førdehuset vil vere ope 27.03.19 kl. 16.00-20.00

Alle interesserte kan komme innom for diskusjon og gje sine tilbakemelding.

Prosjektansvarleg

Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
telefon kontor 57726114
mobil 90651070
epost: agn@jolster.kommune.no