Stemmekretsar og vallokale

Stemmekretsane i Gaular og Naustdal skal ved valet i 2019 vere dei same som ved valet i 2017. I Førde og Jølster er nokre valkretsar slått saman.


Nye stemmekretsar

Det er tre nye stemmekretsar i 2019, dette gjeld:

  • Skei, Årdal og Stardalen er slått saman til Skei stemmekrets
  • Gjesdal, Eikås og Stardalen er slått saman til Vassenden stemmekrets
  • Førde, Angedalen og Sunde er slått saman til Førde stemmekrets 

Vallokale og opningstider

På valdagen må du stemme i heimkommunen, altså i den kommunen der du er innført i manntal. Her finn du oversikt over vallokale i andre kommunar.

Alle røysteføre i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal er manntalsført i Sunnfjord kommune, og står fritt til å velje blant dei 12 stemmekretsane under.

Her finn du informasjon om vallokale og opningstid i dei 12 stemmekretsane på valdagen, 9. september:

Haukedalen

Vallokale: Frøysland skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Holsen

Vallokale: Holsen skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Førde

Vallokale: Førdehuset

Opningstid: kl. 09.00-21.00

Karstad

Vallokale: Karstad skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Viksdalen

Vallokale: Viksdalen skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Bygstad

Vallokale: Bygstad skule

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Sande

Vallokale: Kommunehuset på Sande

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Skei

Vallokale: Kommunehuset på Skei

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Vassenden

Vallokale: Vassenden ungdomsskule

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Naustdal

Vallokale: Kyrkjelydshuset

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Dalen

Vallokale: Dalen Næringssenter

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Vevring

Vallokale: Vevring skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Transport på valdagen

Fellesnemnda har vedteke at kommunane skal syte for transport til vallokalet for veljerar som har utfordringar med å skaffe transport. Du må sende ein søknad om transport på valdagen til ein av kommunane innan tysdag 3. september. Du kan ringe til servicetorget, eller sende ein e-post til postmottaket:

Førde kommune: postmottak@forde.kommune.no, tlf. 577 22 000

Gaular kommune: postmottak@gaular.kommune.no, tlf. 577 18 500

Jølster kommune: postmottak@jolster.kommune.no, tlf. 577 26 100

Naustdal kommune: postmottak@naustdal.kommune.no, tlf. 578 16 100