Røysting på valdagen

Valgdagen er mandag 9. september. Hugs gyldig legitimasjon!


Nye stemmekretsar

Stemmekretsane i Gaular og Naustdal skal ved valet i 2019 vere dei same som ved valet i 2017. I Førde og Jølster er nokre valkretsar slått saman.

Det er tre nye stemmekretsar i 2019, dette gjeld:

  • Skei, Årdal og Stardalen er slått saman til Skei stemmekrets
  • Gjesdal, Eikås og Ålhus er slått saman til Vassenden stemmekrets
  • Førde, Angedalen og Sunde er slått saman til Førde stemmekrets 

Vallokale og opningstider

På valdagen må du stemme i heimkommunen, altså i den kommunen der du er innført i manntal. Her finn du oversikt over vallokale i andre kommunar.

Alle røysteføre i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal er manntalsført i Sunnfjord kommune, og står fritt til å velje blant dei 12 stemmekretsane under.

Her finn du informasjon om vallokale og opningstid i dei 12 stemmekretsane på valdagen, 9. september:

Haukedalen

Vallokale: Frøysland skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Her finn du Frøysland skule 

Holsen

Vallokale: Holsen skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Her finn du Holsen skule 

Førde

Vallokale: Førdehuset

Opningstid: kl. 09.00-21.00

Her finn du Førdehuset 

Karstad

Vallokale: Karstad skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Her finn du Karstad skule 

Viksdalen

Vallokale: Viksdalen skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Her finn du Viksdalen skule 

Bygstad

Vallokale: Bygstad skule

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Her finn du Bygstad skule

Sande

Vallokale: Gaular kommunehus

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Her finn du Gaular kommunehus 

Skei

Vallokale: Kommunehuset på Skei

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Her finn du kommunehuset på Skei 

Vassenden

Vallokale: Vassenden ungdomsskule

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Her finn du Vassenden ungdomsskule 

Naustdal

Vallokale: Kyrkjelydshuset

Opningstid: kl. 12.00-20.00

Her finn du kyrkjelydshuset 

Dalen

Vallokale: Dalen Næringssenter

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Her finn du Dalen Næringssenter 

Vevring

Vallokale: Vevring skule

Opningstid: kl. 13.00-19.00

Her finn du Vevring skule 


Hjelp til å røyste 

Alle med røysterett som ønsker å røyste, skal få røyste når det er val i Norge.

For nokre er det snakk om å få litt hjelp når dei sjølve kjem til eit vallokale for å røyste. Dette kan alle få, og det er bare å spørje ein valmedarbeidar om hjelp. Dei kan følgje deg gjennom heile røystegjevinga og informere deg om alle hjelpemidla og assistere deg i valavlukket om du ønskjer det.

Les meir om alle måtane du kan få hjelp til å røyste i vallokalet.


Transport på valdagen

Fellesnemnda har vedteke at kommunane skal syte for transport til vallokalet for veljerar som har utfordringar med å skaffe transport. Du må sende ein søknad om transport på valdagen til den kommunen du bur i innan tysdag 3. september. Du kan ringe til servicetorget, eller sende ein e-post til postmottaket:

Førde kommune: postmottak@forde.kommune.no, tlf. 577 22 000

Gaular kommune: postmottak@gaular.kommune.no, tlf. 577 18 500

Jølster kommune: postmottak@jolster.kommune.no, tlf. 577 26 100

Naustdal kommune: postmottak@naustdal.kommune.no, tlf. 578 16 100