Røysterett og manntal


For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du ha røysterett. Her kan du sjå om du oppfyller krava til røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019.


Desse har røysterett

Du har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet om du oppfyller eitt av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Du er annan utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.

Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune.  For å kunne røyste må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Sidan Førde, Gaular, Jølster og Naustdal kommune skal slå seg saman 01.01.20, står innbyggjarane i desse kommunane innført i manntalet for Sunnfjord kommune.

Alle personar med røysterett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen dei var registrert i folkeregisteret som busett,  per 30. juni i valåret. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har røysterett) i den kommunen du flytta frå.

Krav om retting av feil

Dersom du meiner at du sjølv eller andre ukorrekt er blitt innført i eller utelatt frå manntalet, kan du krevje at feilen blir retta. Krav om retting gjeld for feil i oppføring, ikkje for flytting etter 30. juni 2019.

Krav om retting skal vere skriftleg, og grunngjeving skal bli sendt til Førde kommune:
Postboks 338, Hafstadvegen 42
6802 Førde.

Veljerar som har vore busett i utlandet i meir enn 10 år må søke seg inn i sin siste bustadkommune.

Her finn du søknadsskjema for innføring i manntalet (PDF).