Kven har stemmerett ved fylkestingsvalet og kommunestyrevalet i 2019?

Norske statsborgarar fødd i 2001 eller tidlegare.

I tillegg har utanlandske statsborgarar som fyller vilkåra i vallova § 2-1 stemmerett under visse føresetnader. Dei må ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller vere statsborgar i eit anna nordisk land og ha blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.

Kan ein stemme heime dersom ein har nedsett funksjonsevne?

Ja, du kan førehandsstemme heime. Veljarar som ikkje kan oppsøke eit vallokale, kan søke om å få stemme heime. Det er ingen formelle krav til søknad.

Den som vil stemme heime kan ringe servicetorget i kommunen og oppgje namn, adresse og telefonnummer. Veljaren vil så bli kontakta av sekretariatet for å avtale eit tidspunkt.

Kan ein stemme heime på sjølve valdagen?

Nei. Tilbodet om å stemme heime gjeld berre ved førehandsavrøysting.

Kan ein førehandsstemme via internett?

Nei. Det var eit forsøk med internettstemming i nokre kommunar i 2011 og 2013, men det er ikkje vidareført.

Kan ein bestille transport til vallokale?

Fellesnemnda gjorde følgjande vedtak i sak 026/18:

Valstyret får mandat til å organisere ordningar for transport til vallokale for innbyggjarar som har utfordringar med å sjølv skaffe transport til vallokalet.

Moglege transporttilbod er under utgreiing, det vil kome informasjon om det seinare.

Kva endringar kan ein gjere på setelen?

Veljaren kan ved fylkestingsval og kommunestyreval gi kandidatar på stemmesetelen ei personstemme.

Dette gjer ein ved å sette eitt merke ved kandidaten sitt namn.

Veljaren kan ved kommunestyreval òg gi ei personstemme til kandidatar på andre vallister.

Dette gjer ein ved å føre desse kandidatnamna opp på stemmesetelen. Slik personstemme kan ein gi til eit tal kandidatar som svarar til ein fjerdedel av det talet på medlemar som skal veljast til kommunestyret. I Sunnfjord kommune er det 11 (25 % av 45).

Dersom veljaren gir personstemmer til kandidatar som kan veljast på andre lister, blir eit tilsvarande tal listestemmer overført til den eller dei listene desse kandidatane står oppført på.

Andre endringar på stemmesetelen tel ikkje med ved valoppgjeret.

Mange spør om det er lov å stryke kandidatar. Nei, det er det ikkje.

Blir stemmesetelen forkasta dersom ein gjer andre endringar?

Nei, ugyldige endringar fører ikkje til forkasting. Endringane blir berre sett bort frå. Dersom du til dømes stryk over eit partinamn eller kandidatnamn, blir det ikkje godkjent som ei endring.

Kva skal til for at ein stemmesetel blir godkjent, altså ikkje forkasta?

Setelen må stemplast før du legg han i urna. Det må òg gå fram kva parti du har stemt på om du ikkje stemmer blankt, og partiet må stille liste i ditt valdistrikt.

Må alle vise legitimasjon? Og kva blir godkjent som legitimasjon?

Regelen er JA. Legitimasjon må ha namn, fødselsdato og bilete.

Kan ein veljar stemme for andre ved fullmakt?

Nei, det er alltid veljaren sjølv som skal stemme.

Kan ein stemme på nytt dersom ein angrar seg?

Nei, stemma du gir er endeleg.

Må veljaren bruke avlukket sjølv om han har med seg setel?

Ja. Det er for å sikre hemmeleg val og for å unngå fare for kjøp og sal av stemmer.

Kva skjer dersom veljaren kjem ut av avlukket utan å ha bretta setelen riktig?

Då må veljaren inn i avlukket igjen for å brette riktig. Ingen skal vise eller fortelje kva dei har stemt så lenge dei er inne i vallokalet.

Kan fleire veljarar gå saman inn i avlukket?

Nei, stemmegiving skal skje i einerom og usett for å sikre hemmeleg val.

Kva med veljarar som treng hjelp?

Det er alltid stemmestyret/valmedarbeidaren som skal hjelpe. I heilt spesielle tilfelle, til dømes ved sterk funksjonshemming, kan veljar peike ut ein hjelpar i tillegg til valmedarbeidaren. Du kan òg be om hjelp utanfor vallokalet. Alle hjelparar har sjølvsagt teieplikt.