Listeforslag til kommunestyrevalet 2019

Alle parti og grupper som ønsker å stille til kommunestyrevalet, må levere listeforslag til kommunen innan 1. april 2019, kl. 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha kome til kommunen. Det er ikkje nok at det er postlagt.

Fristen for å trekke tilbake eit listeforslag er tysdag 23. april 2019, kl. 12.00.

Treng de rettleiing om korleis listeforslaga skal fyllast ut, kontakt politisk sekretariat, Malin Moldestad, e-post msm@forde.kommune.no eller tlf. 958 71 388.

Under finn de rettleiing for utfylling av malen. Sjå elles Valdirektoratet sin fullstendige gjennomgang av alle krava til listeforslag, og rettleiing til utfylling av malen.

Innlevering

  • Listeforslag til kommunestyrevalet blir levert til Sunnfjord valstyre.
  • Fysisk innlevering vert gjort til Servicetorget i Førde rådhus, i kontortida (08:00-15:45).
  • Listeforslaget kan òg sendast i posten til:
    Førde kommune v/Sunnfjord valstyre
    Postboks 338
    6802 Førde

Dersom listeforslaget blir sendt via. e-post innan 1. april kl. 12.00 (der signaturane på forslaget framkjem), vil dette vere innanfor fristen. Men det er ein nødvendig føresetnad at liste med originale underskrifter vert sendt i posten/levert med ein gong. E-postadresse: postmottak@forde.kommune.no

Skjema for listeforslag og vedlegg

Her finn de skjema for listeforslag og vedlegg til listeforslaget.

Registrerte parti kan nytte følgjande malar:

Uregistrerte parti/grupper kan nytte følgjande mal:

Listeforslaget skal vere tosidig og må bli trykt opp i så mange eksemplar det er behov for etter krav til tal på underskrifter. Alle underskriftsark skal ha listekandidatane på den eine sida av arket og underskrifter på den andre.

Det er eit krav at kandidatliste og underskrifter skal vere på same ark. Underskrifter på skjema som ikkje er trykt opp tosidig, vil ikkje bli godkjent.

Overskrift på listeoversikt

Listeforslaget skal ha ei overskrift som viser parti eller gruppe. Registrerte parti skal bruke partiet sitt registrerte namn i listeoverskrifta. Det skal ikkje stå Sunnfjord «partinamn».

For uregistrerte parti eller grupper må overskrifta ikkje kunne forvekslast med andre listeforslag.

Listeforslaget må tydeleg vise at lista gjeld for kommunestyrevalet 2019 i Sunnfjord kommune.

Kandidatar og stemmetillegg

Listeforslaget må innehalde minst 7 namn. I Sunnfjord kommune kan forslaget maksimalt innehalde 51 namn, dvs. tal på representantar i kommunestyret (45) pluss 6.

Inntil 6 personer på lista kan bli gjevne eit tillegg i personleg stemmetal på 25 % av det talet på stemmesetlar som lista får ved valet. Namnet på desse kandidatane skal stå først og skrivast med utheva skrift, feit skrifttype eller store bokstavar.

Identifisering av kandidatane

Alle kandidatar må vere innført i folkeregisteret som busett i Førde, Gaular, Jølster eller Naustdal kommune på valdagen. Listeforslaget skal innehalde kandidatane sine fornamn, etternamn og fødselsår.
På stemmesetlane er fornamn og etternamn avgrensa til maksimalt 30 teikn (inklusivt mellomrom). Det er viktig å angi korleis namn som er lenger enn 30 teikn skal forkortast og visast på stemmesetelen.

Stilling og bustad kan takast med dersom det er ønskeleg, men ver merksam på at det er avgrensa plass på stemmesetelen (23 teikn, inklusivt mellomrom). Ved fare for forveksling skal stilling og/eller bustad bli oppgjeve.

NB! Dersom stilling eller bustad vert ført opp, må dette bli gjort for alle kandidatane på lista.
Når det gjeld kven som blir nominert/oppført på listeforslaget er det viktig å vere klar over at alle som står oppført har rett til å krevje seg fritatt frå val, jf. vallova § 3-4.

Underskrifter på listeframlegg

Eit listeforslag må vere underskrivet, og underskriftene må stå på same ark som listeforslaget for å vere gyldig. Tal på underskrifter avheng av om partiet er registrert i partiregisteret og partiet si oppslutning ved førre stortingsval.

Registrerte parti som har fått minst 500 stemmer i eit fylke eller 5000 stemmer i hele landet (forenkla regelverk) ved førre stortingsval, krev underskrift av to styremedlemmer av partiet si lokalavdeling med ansvar for valdistriktet lista gjeld for. Det same gjeld for parti som er registrert i partiregisteret etter førre stortingsval. Sjå kva part som kan stille til liste etter forenkla regelverk HER. Styremedlemmene som skriv under på listeforslaget må ha stemmerett i valdistriktet.

For grupper/parti som ikkje fyller krava til «forenkla modell» må det bli samla inn minst 300 underskrifter på listeforslaget frå personer med røysterett i Førde, Gaular, Jølster eller Naustdal kommune, sjå underskrifter på listeforslag HER for meir info.

Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje bli offentleggjort, jf. valforskrifta § 13, vallova § 15-4 og forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1.

Tillitsvald og tillitsutval

Alle listeforslag må angje ein tillitsvald med vararepresentant blant dei som har signert forslaget. Listeforslaget bør òg innehalde eit oversyn over kva personer som skal fungere som eit tillitsutval, sjølv om dette ikkje er noko krav for å få godkjent listeforslaget.

Valforskrifta § 14 (1) fastset at når eit forslag frå eit registrert parti som to av styremedlemmene i lokalorganisasjonen har underteikna, vert desse rekna som høvesvis tillitsvald og vara. Styret for lokalorganisasjonen vert rekna for å utgjere tillitsutvalet.

Valforskrifta § 14 (2) fastset at når eit listeforslag er levert inn etter krava i vallova § 6-3 (2), blir dei to øvste underskriverane rekna som tillitsvald og vara når det ikkje er skrive på listeforslaget kven som skal ha desse funksjonane. Dei fem øvste underskriverane vert rekna for å utgjere tillitsutvalet og dei tre neste som vararepresentantar.

Den tillitsvalde sine oppgåver er blant anna å representere forslagsstillerane i forhandlingar med valstyret om listeforslaget. Tillitsutvalet si oppgåve er å eventuelt kalle listeforslaget tilbake.

Vedlegg til listeforslag

Listeforslag skal ha vedlegg med følgjande informasjon, dersom det ikkje går fram av listeforslaget:

  1. Oversikt over kandidatane sine namn og fødselsdatoar
  2. Oversikt over fødselsdato og bustadadresse til dei som har underskrive Det er ønskjeleg at tillitsvald og vararepresentant òg fyller inn kontaktinformasjon slik at ev. forhandling vert meir effektiv, men dette er ikkje eit krav

Erklæring frå kandidatar skal leggjast ved i følgjande tilfelle:

  1. Dersom kandidaten ikkje er innført i folkeregisteret som busett i Førde, Gaular, Jølster eller Naustdal kommune når listeforslaget blir levert inn, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkommande vil vere valbar på valdagen. Dvs. at vedkommande vil vere registrert som busett i kommunen på valdagen.
  1. Dersom en kandidat ikkje er valbar på grunn av stillinga si, må det leggjast ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkommande vil ha fråtredd stillinga når kommunestyret trer i funksjon. Sjå vallova § 3-3 nr. 3 for meir informasjon.