Korleis røyster eg?

Alt du treng i vallokalet for å røyste er legitimasjon med bilete. Ta gjerne med valkortet ditt, då tar det kortere tid.


Hugs dette når du skal røyste!

Når du kjem inn i eit vallokale, blir du møtt av ein valmedarbeidar. Valmedarbeidaren er der for å hjelpe dersom det er noko du lurer på. Når du er klar vil valmedarbeidaren vise deg til eit røysteavlukke.

Slik røyster du: 

  1. Gå inn i røysteavlukket og ta røystesetlane du vil bruke, ein for kommunestyrevalet (rosa) og ein for fylkestingsvalet (blå)
  2. Gjer eventuelle endringar på røystesetlane. Sjå rettleiing under og på røystesetelen.
  3. Brett kvar av røystesetlane med partinamnet ned og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røysta. Det skal ikkje vere konvolutt elleranna omslag rundt røystesetlane.
  4. Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av røystesetlane. NB! Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjende.
  5. Legg dei stempla røystesetlane i valurna.


Slik kan du endre på røystesetelen 

Stemmesetelen avgjer kva parti eller gruppe du røyster på. Dersom du ønsker på påverke kva kandidatar som blir valde, må du gje personrøyster til desse kandidatane. Det er to måtar å gjere det på:

Sett eit kryss i ruta ved namnet til kandidatane du vil røyste på.

Dersom namnet til nokon av kandidatane står med utheva skrift, betyr det at partiet har prioritert dei framfor dei andre kandidatane. Du kan gi personrøyster til kandidatar med utheva skrift på same måte som til dei andre kandidatane.

Skriv kandidatnamn frå andre parti/grupper i eit eige felt på røystesetelen.

Det står oppført på røystesetelen kor mange kandidatnamn du kan føre opp, i Sunnfjord kommune er det inntil 11 kandidatar. Ver merksam på at når du gir ei personstemme til kandidatar på andre parti, vil ei listerøyst bli overført til det andre partiet.

Førehandsrøysting i ein annan kommune

Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn heimkommunen din, er røystegjevinga litt annleis.

Du vil då få utdelt ein røystesetel som er påført namn på dei registrerte politiske partia. Denne røystesetelen inneheld ikkje kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil røyste på. Du kan også sjølv skaffe røystesetel frå kommunen din og bruke denne om du ønsker å gje personrøyster til kandidatar på lista.

Du skal deretter få ein valfunksjonær til å stemple røystesetelen, før du legg den ned i ein røystesetelkonvolutt. Røystesetelkonvolutten og valkortet blir så lagt ned i ein omslagskonvolutt, som deretter blir lagt i valurna. Røysta blir sendt til heimkommunen din for oppteljing.

Andre måtar å røyste på

Visste du at du ikkje må røyste i vallokale? Her finn du informasjon om førehandsrøysting frå utlandet, røysting ved institusjon og heimerøysting.