Førehandsrøysting

Der er ordinær førehandsrøysting frå 12. august til 6. september 2019. I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet ønsker, i heile landet. Finn vallokale i kommunen du bur i her: https://valg.no/valglokaler/ 

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga si. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen.

I nye Sunnfjord kan røyste ved servicetorga i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal:

Førehandsrøyste i Førde

I Førde kan du førehandsrøyste frå måndag 12. august til fredag 6. september.

Servicetorget ved Førde rådhus, til følgande tider:

  • måndag til fredag veke 33, 34 og 35 – kl. 08.00-15.15
  • måndag til onsdag veke 36 – kl. 08.00-16.00
  • torsdag veke 36 – kl. 08.00-17.00
  • Fredag veke 36 – kl. 08.00-18.00

Her finn du Servicetorget i Førde. 

I overgangen mellom Førde AMFI, til følgande tid:

  • laurdag 31. august, kl. 12.00-16.00

Førehandsrøyste i Gaular

I Gaular kan du førehandsrøyste frå måndag 12. august til fredag 6. september.

Servicetorget ved Gaular kommunehus, til følgande tider:

  • måndag til fredag veke 33, 34 og 35 – kl. 08.00-15.30
  • laurdag veke 35 (31. august), kl. 12.00-16.00
  • måndag til onsdag veke 36 – kl. 08.00-16.00
  • torsdag veke 36 – kl. 08.00-17.00
  • Fredag veke 36 – kl. 08.00-18.00

Her finn du Servicetorget i Gaular. 

Førehandsrøyste i Jølster

I Jølster kan du førehandsrøyste frå måndag 12. august til fredag 6. september.

Tenestekontoret ved Jølster kommunehus, til følgande tider:

  • måndag til fredag veke 33, 34 og 35 – kl. 08.00-15.30
  • laurdag veke 26 (31. august), kl. 12.00-16.00
  • måndag til onsdag veke 36 – kl. 08.00-16.00
  • torsdag veke 36 – kl. 08.00-17.00
  • Fredag veke 36 – kl. 08.00-18.00

Her finn du Jølster kommunehus. 

Førehandsrøyste i Naustdal

I Naustdal kan du førehandsrøyste frå måndag 12. august til fredag 6. september.

Servicetorget ved Naustdal kommunehus, til følgande tider:

  • måndag til fredag veke 33, 34 og 35 – kl. 08.00-15.30
  • laurdag veke 26 (31. august), kl. 12.00-16.00
  • måndag til onsdag veke 36 – kl. 08.00-16.00
  • torsdag veke 36 – kl. 08.00-17.00
  • Fredag veke 36 – kl. 08.00-18.00

Her finn du Naustdal kommunehus. 


Tidlegrøysting

Dersom du er forhindra frå å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje kan røyste på valdagen, kan du førehandssrøyste innanlands frå måndag 1. juli til og med fredag 9. august. I Sunnfjord kan du kan også tildelgrøyste på servicetorget ved Førde rådhus, innanfor ordinær opningstid.

Førehandsrøyste frå utlandet 

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving.

Førehandsrøysteperioden utanriks startar den 1. juli 2019. Veljaren er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røysta kjem fram til riktig kommune seinast  september, kl. 17.00, for å telje med i oppgjeret.

Her finn du oversikt over utanriksstasjonar som tek imot førehandsrøyster

Helse- og sosialinstitusjonar 

Det er planlagt mottak av førehandsrøyster ved Helse- og sosialinstitusjonar i veke 35-36. Endelege tidspunkt blir avklart før somaren. Etter det kan du ta kontakt med instiusjonen for å få nøyaktige tider.

Det blir lagt til rette for mottak av førehandsrøyster ved følgjande helse- og sosialinstitusjonar ved valet 2019:

  • Førde sentralsjukehus
  • Førde helsetun
  • Gaular bygde- og sjukeheim
  • Skei omsorgssenter
  • Vassenden omsorgssenter
  • Naustdal sjukeheim


Heimerøysting 

Dersom du ikkje kan komme deg til vallokalet på grunn av sjukdom eller uførleik, kan valmedarbeidarar kome heim til deg slik at du får stemme heime.

For å få dette tilbodet må du sende ein førespurnad til den kommunen du bur i, seinast tysdag 3. september.

Det er ingen formelle krav til søknad. Du kan ringe til sentralbordet eller sende ein e-post til kommunen, og oppgje namn, adresse og telefonnummer. Veljaren vil så bli kontakta av sekretariatet for å avtale eit tidspunkt.

Førde kommune: postmottak@forde.kommune.no, tlf. 577 22 000
Gaular kommune: postmottak@gaular.kommune.no, tlf. 577 18 500
Jølster kommune: postmottak@jolster.kommune.no, tlf. 577 26 100
Naustdal kommune: postmottak@naustdal.kommune.no, tlf. 578 16 100