Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Kommunestyre- og fylkestingsvalet vert gjennomført i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal (nye Sunnfjord kommune) måndag 9. september.

Valet blir gjennomført som om Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune allereie er sett i drift. Det skal veljast 45 representantar til det nye kommunestyret i Sunnfjord kommune, og 65 representantar til nye Vestland fylkesting.


Kunngjeringar og aktuelt om val:

Val av medlemmer til råd for eldre, ungdom og menneske med nedsett funksjonsevne

Etter ny forskrift om medverknadsordningar § 3 har organisasjonar som representerer eldre, personer med nedsett funksjonsevne eller ungdom rett til å kome med forslag til medlemmer til det rådet som representerer deira interesser. Sunnfjord kommune vil difor oppmode organisasjonar som representerer eldre, menneske med nedsett funksjonsevne eller ungdom å kome med forslag til medlemmer til: […]

Valresultat – Sunnfjord kommune

Valdeltaking I sunnfjord kommune stemte 11 198 av dei 16 712 røysteføre ved valet. Dette utgjer ei valdeltaking på 67,3 % s0m er ei auke samanlikna med valet i 2015, der det samla oppmøtet i dei fire kommunane var 64,2 %. Førehandsrøysting Det var 3 557 som førehandsrøysta. Dette er ei auke samanlikna med det samla […]

Tid og stad for røystinga på valdagen

Kunngjering om tid og stad for stemmegjeving på valdagen i nye Sunnfjord kommune. Vallova § 9-3, tredje leddet, jf. § 2-1 Det skal veljast representantar til kommunestyre- og fylkestingvalet måndag 9. september 2019. Hugs legitimasjon.  Her kan du stemme i Sunnfjord kommune: Stemmekrins Vallokale Opningstid Haukedalen Frøysland skule Kl. 13.00 – 19.00 Holsen Holsen skule […]