Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Kommunestyre- og fylkestingsvalet vert gjennomført i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal (nye Sunnfjord kommune) måndag 9. september.

Valet blir gjennomført som om Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune allereie er sett i drift. Det skal veljast 45 representantar til det nye kommunestyret i Sunnfjord kommune, og 65 representantar til nye Vestland fylkesting.


Kunngjeringar og aktuelt om val:

Kunngjering om utlegging av manntalet

Kunngjering om utlegging av manntalet, etter vallova § 2-6, § 2-7.

Står du i manntalet?

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved kommunestyre- og fylkestingvalet 9. september 2019.

Du kan sjå etter om du står i manntalet for nye Sunnfjord kommune når det ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 15. juli 2019 til 06. september 2019, på følgande stader:

  • Servicetorget i Førde rådhus, Hafstadvegen 42
  • Tenestekontoret ved kommunehuset på Sande, Vadheimsvegen 15
  • Spar Sande J.O. Tyssekvam, Vadheimsvegen 1
  • Viksdalen handel AS, 6978 Viksdalen
  • SPAR Bygstad O. A. Lunde AS, 6977 Bygstad
  • Tenestekontoret ved kommunehuset på Skei, Ospene 1
  • Coop Marked Vassenden, Jølstravegen 885
  • Servicetorget i Naustdal kommunehus, Tunavegen 6
  • Fjordbutikken AS, 6817 Naustdal
  • Joker Naustdal, 6817 Naustdal

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har teke imot flyttemelding frå deg innan 30.06.2019, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga teke imot etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå. Du kan velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand.

Her finn du meir informasjon om røysterett og manntal.

Klage

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan, med urett er innført eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven.

Klage sendast til:
Valstyret
Sunnfjord kommune
Pb 338
6802 Førde

Godkjende vallister

Valstyret har godkjent listeforslag til kommunestyrevalet 2019 i Sunnfjord kommune.