Val av medlemmer til råd for eldre, ungdom og menneske med nedsett funksjonsevne

Etter ny forskrift om medverknadsordningar § 3 har organisasjonar som representerer eldre, personer med nedsett funksjonsevne eller ungdom rett til å kome med forslag til medlemmer til det rådet som representerer deira interesser.


Sunnfjord kommune vil difor oppmode organisasjonar som representerer eldre, menneske med nedsett funksjonsevne eller ungdom å kome med forslag til medlemmer til:

  • Eldrerådet
  • Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Ungdomsrådet

Send forslag til medlemmer 

Send forslag  til Sunnfjord kommune, Pb. 338, 6802 Førde,
eller ved e-post til postmottak@forde.kommune.no innan måndag 14. oktober 2019.

Har du spørsmål? Kontakt Malin Moldestad, e-post: msm@forde.kommune.no eller tlf. 958 71 388

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet har 20 medlemmer med. 2 representantar frå kvart ungdomstrinn ved skulane i Sunnfjord, og tilsvarande 2 representantar frå kvar vidaregåande skule.

I tillegg har ungdomsrådet 2 frie representantar frå organisasjonar som representerer ungdom. Til dømes fritidsklubbar, ungdomshus eller andre organisasjonar.

Medlemmene i ungdomsrådet får 200 kr i møtegodtgjersle per møte, leiaren får 400 kr per møte. Medlemmen får dekka reiseutgifter i samband med møteaktiviteten.

Eldrerådet

Eldrerådet har 7 medlemmer, med personlege varamedlemmer.

To av medlemmene er representantar i kommunestyret, og dei fem andre er representantar frå organisasjonar som representerer eldre i kommunen.

I samsvar med kommunelova § 5-12 skal fleirtalet av medlemmene i eldrerådet ha fylt 60 år på valtidspunktet.

Medlemmene i rådet får 2 000 kr i møtegodtgjersle per møte, leiaren får 3 000 kr i møtegodtgjersle. Medlemmene får også dekka reiseutgifter og vederlag for tapt inntekt i samband med møteaktivitet.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har 7 medlemmer, med personlege varamedlemmer.

To av medlemmene er representantar i kommunestyret, og dei fem andre er representantar frå organisasjonar som representerer menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen.

Medlemmene i rådet får 2 000 kr i møtegodtgjersle per møte, leiaren får 3 000 kr i møtegodtgjersle. Medlemmene får også dekka reiseutgifter og vederlag for tapt inntekt i samband med møteaktivitet.

Reglement for råda i Sunnfjord kommune

Fellesnemnda vedtok reglement for råda i møte 18. september 2019.

Her finn de reglement for ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.