100 000 kroner til aktivitetar for ungdom

Har du ein idè om aktivitet for ungdom i komande Sunnfjord kommune? Ungdomsråda gjev vekk 100 000 kroner til aktivitetar. Dei ønskjer å støtte aktivitetar som bidreg til å styrkje ein felles identitet i den nye kommunen.

Det er oppretta ein jury med representantar frå alle ungdområda i kommunen og ein representant frå fellesnemnda.

Det vert totalt gjeve vekk 7 bidrag til ulike aktivitetar. 5 av bidraga er på 10 000 kroner kvar og 2 av  bidraga på 25 000 kroner.

Håpar du sender inn din idè!

Søknadsfrist: 15. mars 2019 

Kven kan søkje?

Søkjar må vere eit lag/organisasjon i komande Sunnfjord kommune med organisasjonsnummer

Kva aktivitetar kan vi søkje om midlar til?

Aktiviteten må

  • vere for ungdom i Sunnfjord kommune
  • skje i 2019
  • bidra til ein felles identitet for Sunnfjord kommune
  • må vere rusfri
  • må vere open for alle ungdommar som ønskjer å delta. Kan ha påmelding, men den må vere opa for alle.
  • vere noko nytt som laget/organisasjonen som søkjer ikkje alt har som ein fast aktivitet.

Kor mykje midlar kan vi søkje om?

  • Det vert gjeve vekk 5 bidrag på 10 000 kroner kvar, og 2 på 25 000 kroner
  • Du må lage eit budsjett som viser kor mykje midlar du har behov for
  • Juryen bestemmer kven som får tildelt midlar i løp av våren
  • Midlane vert utbetalt til organisasjonen/laget når aktivitet er gjennomført

Kven er juryen?

Juryen består av ein representant frå kvart av dei fire ungdomsråda og ein representant frå fellesnemnda.

  • Embla Instwgleen-Erviksæter, Førde
  • Kristian Elveseter Sande, Gaular
  • Leander Mulen Sunde, Jølster
  • Marius Hauge, Naustdal
  • Anita Eide Kvamme, fellesnemnda

Kva legg juryen vekt på?

Juryen legg vekt på at aktiviten

  • er retta mot ungdom i Sunnfjord kommune
  • bidreg til ein felles identitet for Sunnfjord kommune
  • vil skje i 2019
  • er rusfri
  • er open for alle ungdommar som ønskjer å delta. Kan ha påmelding, men påmeldinga må vere opa for alle.
  • er noko nytt som laget/organisasjonen som søkjer ikkje alt har som ein fast aktivitet.
  • har ein god plan for gjennomføringa
  • er godt budsjettert

Korleis søkjer vi?

Slik søkjer du:

  • Bruk søknadsskjema som du finner i artikkelen her
  • Fyll i all informasjonen
  • Legg ved budsjett og ein plan for gjennomføring av aktivitet
  • Send søknad innan fristen 15.mars 2019