Strikkeoppskrift på Sunnfjord kommune lue

Sunnfjord kommune har fått eiga lue og panneband i strikk. Oppskrifta er no klar, så her er det berre å finne fram pinnane.

Torill Anita Sektnan, ingeniør og tillitsvald i kommunen, ønskte å bidra til ein felles identitet i Sunnfjord kommune. Ho har både teikna og skildra mønsteret,  samt strikka prototypane som er avbilda. Førre fredag kuppa ho administrativ styringsgruppe, og heldige mottakar av dei første luene fekk seg ei overrasking.

No er håpet at tilsette i kommunane og andre innbyggjarar hiv seg rundt og får ordna seg ei lue eller panneband.

Merk gjerne luer og panneband med #sunnfjordkommune på instagram – vi gler oss til å sjå!

Oppskrift Sunnfjord kommune lue og panneband

Om du har lyst å stikke lue eller panneband i nokre av dei andre glade fargane i profilen til Sunnfjord kommune, så finner du fargane her. (side 17)

Sjå video under frå «det store kuppet».