Sprek i Sunnfjord kommune er eit fellestiltak for alle tilsette i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune i 2020!

Kva er Sprek i Sunnfjord kommune?

Vi tilbyr eit morsomt opplegg der du får poeng både når du tar ein kveldstur med bikkja/mannen/fruen og når du tar turen til topps.

Du samlar poeng ved å sjekke inn med mobilen på elektroniske postar på turmål i ditt nærområde.

Turmål/postar

Turmåla er kjente og kjære og ligg både i Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Gloppen, Høyanger og Flora kommune. Dei gir frå 1 til 3 poeng avhengig av om det er ein lett/tung tur.

Du vel sjølv kva rute du går for å kome til turmålet.

Når du har sjekka inn ein gong, må det gå 12 timar til neste gong du kan sjekke inn på same turmålet.

Turmåla/postane vert aktive for innsjekking frå 1. april og til og med 31. oktober 2019.

Premiering

Dei som klarer å samle 15 poeng i løpet av ein månad, vert med på månadleg trekning av gåvekort på 500 kroner. Til slutt vert det trekning av tre gåvekort på 1000 kroner blant dei som har oppnådd 100 poeng i heile perioden

Ta bilde frå turen din

Del gjerne bilde på Instagram med oss andre ved å merke dei med #sprekisunnfjordkommune Brukar du den emneknaggen vert du med på trekning av eit gåvekort på 500 kroner.

Flott om du også brukar #sunnfjordkommune og #trimpoeng

Påmelding og eigendel

Dette er ein aktivitet der berre tilsette og politikarar i dei fire kommunane kan melde seg på.

For å melde deg på lastar du ned appen «Trimpoeng» på mobilen. Den er tilgjengeleg både for iPhone og Androidtelefon, men dessverre ikkje for Windowstelefon.

Du treng ein kode for å melde deg på. Årets kode finn du på intranettet eller ta kontakt med Servicetorget i Førde kommune på tlf. 57 72 20 00.

Sjå rettleiing for korleis du lastar ned appen og melder deg på

Det er ein eigendel på 75 kroner for å vere med. Dersom du melder deg på og ikkje oppnår 15 poeng i løpet av heile perioden må du betale 125 kroner.

Når du har meldt deg på, godtar du samstundes at vi kan trekke eigendelen på løna di.

Du kan melde deg på frå 23. mars, men du kan tidlegast sjekke inn på turmåla 1. april.

Korleis sjekkar du inn på turmålet?

Du finn turmåla i appen. Når du er kome fram til turmålet, trykker du «Sjekk inn» i appen. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei kjekk tilbakemelding på det.

Hugs å aktivere stadteneste/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å opne turmålet før turen startar.

Får du ikkje sjekka inn på turmålet, send ein e-post til sprek@forde.kommune.no, så registrerer vi turen for deg i etterkant.

Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har i appen. Dette finn du under «Min aktivitetslogg» i appen.

Spørsmål

Ta kontakt med Servicetorget i Førde kommune, tlf. 57 72 20 00 eller send ein e-post til sprek@forde.kommune.no

God tur!