Tettstadutviklingsprosjektet er ein del av utviklingsprogrammet for byregionarsom er ein del av Kommunal-og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt arbeid for å legge til rette for positiv utvikling i byregionar.

Formålet er å auke kunnskapen om samspel mellom by og omland og regionane sitt næringsmessige potensiale. Det er eit mål at den auka kunnskapen skal bidra til strategiar og tiltak som styrker regionen som heilheit.

Utviklinga i samfunnet og ny kommunestruktur medfører at Sunnfjord er i endring og gamle kommunesenter og tettstadar vil få nye roller og funksjonar. I denne prosessen er det viktig at ein klarar å involvere innbyggjarane i tettstadane slik at ein får best mogleg bilete av no situasjonen, trendar og framtidsplanar. Tettstadane som er med i dette delprosjektet er Skei, Vassenden, Sande, Bygstad og Naustdal. Målet med prosjektet er å utforme strategiar / tiltak for kvar av tettstadane slik at tettstadane bidreg til at regionen blir ein meir attraktiv bu-og arbeidsregion.

Les rapportane:

180103 Tettstadanalyse – Sunnfjord Utvikling FINAL 180103

180103 Tettstadanalyse – Bygstad

180103 Tettstadanalyse – Naustdal

180103 Tettstadanalyse – Sande 180103

Tettstadanalyse – Skei

Tettstadanalyse – Vassenden