Teknisk

Arbeid med tekniske tenester er viktig for våre innbyggjarar, næringslivet, tilsette, beredskap og politikarar. Vi jobbar for at Sunnfjord kommune i 2020 står rusta til å levere gode tenester. Det er viktig at Sunnfjord kommune har rett kompetanse til å løyse oppgåvene og at vi har gode og føreseielege tenester. Vidare er det viktig at det er tillit blant våre tilsette og innbyggjarar.

Den administrative prosjektgruppa for tekniske tenester skal førebu organisering av sine tenester. Det er oppretta fleire delprosjekt som fokuserer på plan, landbruk, bygg, veger, vatn- og avlaup, renovasjon, parkar, brann feiing m.m.

Vegen til Sunnfjord Kommune

Organisering

Torill Anita Segtnan, Akademikerne
Thor Ove Farsund Kommunalsjef, Jølster
Truls Folkestad Kommunalsjef, Gaular
Trond Ueland Kommunalsjef, Førde
Ørjan Stubhaug Kommunalsjef, Naustdal

Mandat

Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane ved at Sunnfjord kommune blir gjort i stand til å:

  • Levere kvalitativt gode tekniske tenester til heile kommunen.
  • Ta riktig og rettferdig brukarbetaling for tekniske tenester i samsvar med sjølvkostprinsippet.
  • Tidleg levere gode og føreseielege tenester innanfor teknisk og areal.
  • At arbeidsprosessane bidreg til relasjons- og kompetansebygging
  • Ha ein føremålstenleg organisering av tenester og myndigheitsområder.

Oversikt over delprosjekt

  • Plan og arealforvaltning
  • Organisering og drift kommunalteknikk
  • Organisering og drift byggforvaltning
  • Sjølvkost og regulativ.
  • Vegadresser og matrikkel i Indre Sunnfjord.
  • Brann- og redningsvesen i ny kommune.
  • Oppgåveløysing for Sunnfjord kommune.
  • Eigedomskatt

Aktuelt tilknytt teknisk

Prosjekt i teknisk sektor

I høve kommunereforma er teknisk sektor organisert gjennom fleire delprosjekt. Innan teknisk sektor førebur og planlegg vi for at Sunnfjord kommune kan levere kvalitativt gode tenester til våre innbyggjarar i heile kommunen. Delprosjekta aktiviserer over 30 tilsette, arbeidet er difor viktig også for at våre leiarar og tilsette i Naustdal, Jølster, Gaular og Førde bygg felles kompetanse og kjennskap til kvarandre.

Foreløpig er reformarbeidet innan tekniske tenester delt opp i 5 delprosjekt