Symbol og identitet

Nytt kommunevåpen og ordførarkjede er nokre av oppgåvene til det politiske prosjektet; symbol og identitet.

Prosjektet vil også arbeide med å legge til rette for aktivitetar som fremjar ein felles identitet i den nye kommunen.

Medlemmar og leiar i gruppa sit i fellesnemda. Sjå referat frå møta i prosjektet.

Vegen til Sunnfjord Kommune

Organisering

Anita Eide Kvamme (leiar) Arbeidarpartiet, Gaular
Håkon Myrvang Arbeidarpartiet, Naustdal
Erlend Herstad Senterpartiet, Naustdal
Sølvi Iren Søgnen Senterpartiet, Gaular
Mathias Råheim Høgre, Gaular
Anne M. Frimannslund Høgre, Førde
Jakob Andre Sandal Sosialistisk venstreparti, Jølster
Svein Årdalsbakke Kristelig folkeparti, Jølster
Judith Kapstad Venstre, Jølster

Mandat

Prosjekt for symbol og identitet har fått i oppgåve frå fellesnemnda å styre prosessen med nytt kommunevåpen for Sunnfjord kommune. Prosjektet skal også syte for at det vert laga nytt ordførarkjede. Desse oppgåvene heng tett saman med identitet i ny kommune. Prosjektet skal også legge til rette for aktivitetar som fremjar felles identitet for dei fire kommunane.

Kommunevåpen

  • 828 personar sendte inn forslag til nytt kommunevåpen i  teiknekonkurransen våren 2018. Det vart trekt ein tilfeldig vinnar av teiknekonkurransen. Mats Kalstad Dvergsdal fekk 10 000 kroner til  klassen sin, 7A Halbrend skule.
  • Rein Design og Haltenbanken har  utarbeidd nytt kommunevåpen ut i frå innspela i teiknekonkurrasen og ei analyse av identiteten til Sunnfjord kommune.
  • I oktober 2018 vart kommunevåpen handsama i fellesnemnda.
  • Kommunesyret i Sunnfjord kommune vil også handsame saka når styret er sett.


Tanken bak «fire elvar»
Sunnfjord blir óg kalla Fosseheimen av nokre, med over 50 store og små fossefall i dei fire elvene Nausta, Gaula, Anga og Jølstra. I arbeidsmøter har vi kome fram til at det typiske landskapet her, er dei mange vassdraga. Dette har vi latt oss inspirere av, og har jobba fram eit forenkla, reint og abstrahert symbol for foss, bygd opp av geometriserte former frå den særprega Viksdalsmalinga.

I overført tyding spelar «Fire elver» på det symbolske i at fire store vassdrag møtes og går saman i ei større eining. Saman er vi sterkare, og vi drar samla vidare. Retninga elva renn i, fyller samtidig symbolet med ein vekst, energi, kraft og vilje oppover og framover

Ordførarkjede

Arbeidet med ordførarkjede er under planlegging.  Informasjon vert å finne her.

Felles identitet

Prosjektet vil legge til rette for ulike aktivitetar som fremjar ein felles identitet i dei fire kommunane som no skal bli ein.

  • Ti tur Sunnfjord saman med turlaget vil bli arranger i 2019
  • Ung i Sunnfjord – støtte til aktivitetar til barn og unge i Sunnfjord vil bli arrangert i 2019
  • Seremoni ved overgang til ny kommune

Gratis barnehageplass til første fødte i Sunnfjord kommune!

No er tida her for å planlegge første fødte innbyggjar i Sunnfjord kommune! Sunnfjord kommune gjev vekk 1 år med barnehageplass i Sunnfjord kommune til det første barnet som blir født i den nye kommunen. Konkurransereglane er greie, men du må starte no! Du må bu i Sunnfjord kommune i det barnet vert født (så […]

Intervju med juryen i Ung i Sunnfjord

Det er oppretta ein jury med representantar frå alle ungdomsråda i kommunen og ein representant frå fellesnemnda. Dei skal vurdere søknadane som er kome inn til Ung i Sunnfjord. Det vert gjeve bort totalt 100 000 kroner fordelt på fleire prosjekt. Les intervju med juryen.