Politiske prosjekt

Arbeidet fram til ny kommune i 2020 er organisert i ulike prosjekt – nokre politiske og nokre administrative. Det er oppretta fire politiske prosjekt. Medlemmar og leiar i gruppa sit i fellesnemnda.

Sjå referat frå møta i dei politiske prosjekta

Aktuelt tilknytt politiske prosjekt

Vinnar av teiknekonkurranse

Det kom i alt inn 828 forslag til nytt kommunevåpen gjennom teiknekonkurransen. Ideane var mange. Rein Design og Haltenbanken vil no arbeide vidare med desse ideane fram mot nytt kommunevåpen i oktober.

Politisk organisering av Sunnfjord kommune

Fellesnemnda har oppretta ei politiskgruppe som arbeider med politisk organisering i Sunnfjord  kommune.  Åsmund Berthelsen er leiar for gruppa og presenterte for fellesnemnda gruppa sitt arbeid så langt.

Rapportar tettstadutvikling

Tettstadutviklingsprosjektet er ein del av utviklingsprogrammet for byregionarsom er ein del av Kommunal-og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt arbeid for å legge til rette for positiv utvikling i byregionar.