Kommunalt eigarskap

Det er oppretta eit politisk prosjekt som skal lage eigarstrategi for Sunnfjord kommune. Prosjektet skal også lage ei oversikt over status på interkommunale ordningar og vertskommune ordningar. Kommunane samarbeider i dag på ei rekkje fagfelt. Mange av samarbeida omfattar fleire kommunar enn dei fire som vert Sunnfjord kommune.

Kommunane sin eigarmeldingar og utgreiingar frå PwC er noko av grunnlaget for arbeidet til prosjektet.

Sjå referat frå møta i prosjektet

Vegen til Sunnfjord Kommune

Organisering

Bjørn-Harald Haugsvær (leiar) Kristeleg folkeparti, Førde
Ragnhild Sæle Arbeidarpartiet, Jølster
Helge Robert Midtbø Arbeidarpartiet, Førde
Oddmund Klakegg Senterpartiet, Jølster
Lena Kristin Eliassen Senterpartiet, Naustdal
Olve Grotle Høgre, Førde
Anders Kristian Sægrov Høgre, Jølster
Heidi Vallestad Sosialistisk venstreparti, Gaular
Gunn Merete Paulsen Venstre, Førde
Lise Mari Haugen, prosjektadministrasjon

Mandat

Prosjektet har fått i oppgåve frå fellesnemnda å utarbeide følgjande dokument:

  • Faktadel med oppdatert status for interkommunale ordningar inkludert vertskommuneordningar
  • Drøftingsdel der prosjektgruppa si vurdering av gjeldande eigarskap og forslag til eventuelle endringar kjem fram
  • Eigarstrategi

Dokumentasjonen vil utgjere eigarmelding for Sunnfjord kommune 2020-2021.
Dette som grunnlag for valprosessen med representantar i styrer og råd frå 2020.

Prosjektet vil omfatte vurdering av kostnadsfordeling ved interkommunale samarbeid med verknad frå 01.01.2020.

Ung i Sunnfjord

Har du ein idè om aktivitet for ungdom i Sunnfjord? Ungdomsråda gjev vekk 100 000 kroner til aktivitetar for ungdom i Sunnfjord kommune. Dei ønskjer å støtte aktivitetar som bidreg til å styrkje ein felles identitet i den nye kommunen.

Lokaldemokratiundersøking

Korleis fungerer lokaldemokratiet vårt?  KS, Kommunesektorenes organisasjon, har invitert kommunar til å gjennomføre KS Lokaldemokratiundersøking. Undersøkinga består i at innbyggjarane og folkevalde svarar på spørsmål om korleis dei vurderar lokaldemokratiet i eigen kommune.

Høyring kommunevåpen for Sunnfjord kommune

Rein Design og Haltenbanken er engasjert av det politiske prosjektet for symbol og identitet til å utforme kommunevåpen for Sunnfjord kommune. To retningar har vore på høyring, og arbeidet med å ferdigstille eit kommunevåpen held fram.