Framtidas lokaldemokrati

Å styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering er eit av måla i intensjonsavtalen til Sunnfjord kommune.

Sjå referat frå møter i prosjektet

Vegen til Sunnfjord Kommune

Organisering

Reidun Støfring (leiar) Senterpartiet, Jølster
Ivar Svensøy Arbeiderpartiet, Førde
Annlaug Birkeland Arbeiderpartiet, Naustdal
Ole Johnny Stubhaug Senterpartiet, Førde
Anne Lilleåsen Høgre, Gaular
Turid Vallestad Sosialistisk venstreparti, Førde
Jarle Aase Kristelig folkeparti, Gaular
Jan Taule Venstre, Førde
Øystein Høyvik prosjektsekretariart

Mandat

Til å arbeide fram konkrete framlegg om korleis målet kan oppfyllast er det oppretta politisk prosjektgruppe leia av Reidun Støfring. Vidare har ein søkt om å få vere deltakar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt prosjekt «Framtidens lokaldemokrati».

Status

Sunnfjord Utvikling har saman med PwC kartlagt og analysert tettstadane Naustdal, Gaular, Sande, Vassenden og Skei. I vinter har det vore folkemøter i desse tettstadane der funna vart presentert, og der ein saman med innbyggjarane såg på korleis vi kan utvikle tettstadne vidare i positiv retning.

Rapportane vert å finne her når dei er klare.

Aktuelt tilknytt Framtidas lokaldemokrati

Lokaldemokratiundersøking

Korleis fungerer lokaldemokratiet vårt?  KS, Kommunesektorenes organisasjon, har invitert kommunar til å gjennomføre KS Lokaldemokratiundersøking. Undersøkinga består i at innbyggjarane og folkevalde svarar på spørsmål om korleis dei vurderar lokaldemokratiet i eigen kommune.

Rapportar tettstadutvikling

Tettstadutviklingsprosjektet er ein del av utviklingsprogrammet for byregionarsom er ein del av Kommunal-og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt arbeid for å legge til rette for positiv utvikling i byregionar.