Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Inkluderande barnehage og skulemiljø er eit utviklingsprosjekt som skal gjennomførast i alle barnehagane og i alle skulane i kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal fram til 01.01.20.

Organisering

Det er tilsett 2 ressurspersonar i prosjektet med 50 % stilling kvar.

  • Hanne Dybwad Fonn med ansvar for 16 skular
  • Kristine Steindal med ansvar for 26 barnehagar

Mandat

Hovudmålet med utviklingsprosjektet er at alle born og unge i komande Sunnfjord kommune skal oppleve eit trygt og godt leike- og læringsmiljø. Eit leike- og læringsmiljø som fremjar helse, trivsel, tryggleik og læring.

Gjennom utviklingsprosjektet skal vi:

  • Utvikle, fremje og oppretthalde gode og trygge barnehage- og skulemiljø der alle barn og unge trivast og opplever at dei høyrer til
  • Førebyggje, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar
  • Alle tilsette i barnehage og skule skal gjennomføre ei nettbasert kompetanseutvikling

Aktivitetar

  • 13.08.2018 var nærare 1000 tilsette frå barnehage- og skulesektoren samla til seminar med Tove Flack frå Nasjonalt senter for Læringsmiljø og Atferdsforskning (UiS).

    I tillegg deltok Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, Are Solstad frå Utdanningsdirektoratet og representantar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

  • Alle tilsette i barnehage og skule skal gjennomføre ei nettbasert kompetanseutvikling

Aktuelt knytt til inkluderande barnehage- og skulemiljø

Vi fant ingenting

Beklager, ingen innlegg matchet dine kriterier