Oppvekst

I Sunnfjord kommune vil vi gje eit godt felles tilbod i skule og barnehage. Vi vil i tida fram til 2020 bygge ein organisasjon på skule og barnehage som sikrar gode tenester med høg fagleg kvalitet til innbyggjarane. Du kan følgje arbeidet på denne sida.

Vegen til Sunnfjord Kommune

Organisering

Helge Sæterdal, kommunalsjef Førde, leiar.
Merete Grimestad Birkeland, skule- og kultursjef, Gaular.
Turi Bruland, oppvekstutviklar, Naustdal.
Lise Fitje Toverud, kommunalsjef oppvekst, Jølster.
Stian Jakobsen, Hovudtillitsvald Unio.
Jetvard Kalland, prosjektsekrtariatet.

Mandat

Målet for arbeidet med kommuneprosjektet er å bygge ein organisasjon for skule og barnehage som sikrar gode tenester med høg fagleg kvalitet til brukarane.

Likeverdig og rettferdig handsaming av innbyggarane er viktig. Ulike reglement og vedtekter på oppvekstområdet må derfor samordnast.

Ved overgang til ny kommune er det naudsynt å samordne kriteria for tildeling av midlar til skulane og barnehagane. Kriteria skal sikre ressursar til eit likeverdig tilbod. Dei felles standardane for tildeling bør vere vedtekne og tekne i bruk før kommunesamanslåinga, slik at vi allereie ved samanslåingstidspunktet har etablert ein felles praksis.

Status i dag

Vi har prioritert å starte opp prosjekt knytt til tenester og organisering som må vere på plass innan 01.01.20. Våren 2018 vil vi arbeide med følgjande delprosjekt:

  • Ressursmodell skule.
  • Ressursmodell barnehage.
  • Kompetanseplan oppvekst.
  • Felles ordensreglement.

Det er oppnemnt arbeidsgrupper som er i ferd med å starta opp arbeidet.

Aktuelt tilknytt oppvekst

Høyring: skuleruta 2019/2020 og skuleveke på 5 dagar for alle

Det er no høyring for skuleruta 2019/2020. Det er også høyring eit framlegg om at alle elevane i dei fire Sunnfjrod kommunane skal ha 5-dagars skuleveke frå 2019/2020.

Høyring ordensreglement skulane

Styringsgruppa for oppvekst i kommunesamanslåingsprosjektet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som har kome med eit framlegg til forskrift for felles ordensreglement for skule i ny kommune. Dette framlegget har vore drøfta administrativt og vert no sendt ut på høyring i tråd med opplæringslova § 9A-10.

Oversikt over prosjekt i skule og barnehage

Arbeidet med  tilbodet til oppvekst er godt i gong. Vi vil i tida fram til 2020 bygge ein organisasjon på skule og barnehage som sikrar gode tenester med høg fagleg kvalitet til innbyggjarane.