Kultur

Gode kulturopplevingar må vere grunnleggande for Sunnfjord kommune. I eit samfunn som endrar seg stadig raskare, er det viktig med fellesarenaer der vi kan møtast og dele opplevingar på tvers av kjønn, alder, sosial bakgrunn og kvar ein bur. Kulturlivet er saman med idretten den viktigaste fellesarenaen, og eit aktivt kulturliv er avgjerande for kommunen og regionen si utvikling.

I arbeidet fram til 2020 vil vi vise korleis den nye kommunen gjennom kultursatsing kan vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane og vere med å skape attraktivitet i grendene og kommunesentra. I dag er kultursatsinga med omsyn til administrativ beredskap og økonomisk støtte til kulturlivet samla sett svak. Det bør derfor vere eit mål at kultursatsinga i den nye kommunen må opp på eit anstendig nivå med omsyn til ressursar, budsjett og kapasitet. Med bakgrunn i dette vil analysere kulturfeltet, synleggjere dei viktigaste tenestene innan kultur og idrett og gjere framlegg om framtidig organisering av kulturforvaltninga.

Vegen til Sunnfjord Kommune

Mandat

  • Synleggjere svakheiter, utfordringar, truslar og muligheiter – ressursar og organisering
  • Kultursatsinga må opp på eit anstendig nivå med omsyn til ressursar, budsjett og kapasitet. I dag er kultursatsinga samla sett heilt marginal
  • Avklare framtidig organisering av kulturforvaltning i ny kommune inkludert kapasitet
  • Synleggjere dei viktigaste tenestene innan kultur
  • Avklare og avstemme ambisjon som den største kulturkommunen i Sogn og Fjordane
  • Vise korleis den nye kommunen gjennom kultursatsing kan vere drivkraft for Sogn og Fjordane
  • Vise korleis kultur kan vere med å skape attraktivitet i den nye kommunen

Organisering

Trond Ueland – prosjektleiar

Medlemmar i ulike prosjektgrupper for idrett, kulturskule og bibliotek:

Lise Toverud
Merete Grimestad Birkeland
Jorunn Systad
Britt Kringlen
Marta Bjørkås
Grete Skaar Sunde
Laila Bergheim Ommedal
Inge Larsen
Birgitte Refvik
Ørjan Stubhaug
Robert Rysjedal
Anja Gulbrandsen
Trude Skarvatun
Anita Høllige

Fokus framover

I tida framover vil vi særleg sjå på korleis biblioteket, kulturskulen, kulturtiltak for barn og unge og idrett inkludert forvaltning av spelemidlane skal organiserast og driftast best mogeleg i den nye kommunen. Det er etablert fire arbeidsgrupper med representantar frå kvar kommune og fordelt på dei respektive fagområda. Kommunalsjefane i dei fire kommunane utgjer styringsgruppa. Mykje av utgreiinga av kulturfeltet bør vere klart allereie i slutten av 2018. Basert på dette vil vi utarbeide ein samla rapport som syner kva vi har i fellesskap av tenester og satsingar innan kultur og kva det vil vere naturleg å forvente mot 2030.

Det er naturleg å tenke seg at nye Sunnfjord kommune vil vere ein aktiv pådrivar for nynorsksatsinga, ikkje berre i eigen kommune, men i heile regionen. Reformarbeidet i kommune, fylke, høgskule og i samfunnslivet elles har vist til fulle at nettopp det nynorske språket skaper ein felles identitet lokalt og på Vestlandet. Tilhøva i den nye kommunen vår vil vere transparente og legg godt til rette for samarbeid mellom eksisterande aktørar. På ein akse mellom tradisjonsrike grendehus i små bygder til urbane samlingspunkt i bykjerna, er det gjennom nynorsksatsing eit stort rom for innovasjon og identitetsskaping. Det rommet må Sunnfjord kommune ta.

Aktuelt tilknytt kultur

Reiseguide Sunnfjord

Topptur er ikkje einstydig med vinter. Toppane er der om sommaren og. Heldige er vi i Sunnfjord som har nokre av dei beste!