Helse og omsorg

I Sunnfjord kommune skal innbyggjarane motta likeverdige og harmoniserte tenester av høg kvalitet uavhengig av kvar ein bur i kommunen. Det er oppretta eit administrativt prosjekt som fram til 2020 vil arbeide med å planlegge tenestene innan helse, pleie og omsorg. Du kan følgje arbeidet på denne sida.

Vegen til Sunnfjord Kommune

Mandat

Den administrative prosjektgruppa for helse og omsorg skal førebu organisering av tenester innan helse, pleie og omsorg i Sunnfjord kommune. Våre målsettingar er at innbyggjarane våre skal motta likeverdige og harmoniserte tenester av høg kvalitet uavhengig av kvar ein bur i Sunnfjord kommune. Vi ynskjer å tilby eit differensiert tenestetilbod, eit variert butilbod og tilby meiningsfulle aktivitetar i alle livets fasar.

Vi jobbar mot vi skal vere godt rusta til å møte endringar i folkesamansetnad (fleire eldre og auka fleirkulturelt samfunn) og ha tilstrekkeleg kvalitet på tenestene til at vi kan møte pasientgrupper med meir samansette og komplekse behov. Vi ynskjer at helse- og omsorg i Sunnfjord kommune skal vere ein attraktiv arbeidsplass og at vi er i front når det gjeld utvikling av nye tenester til innbyggjarane. Det er også ei målsetting å leggje til rette for at det er attraktivt å vere friviljug i Sunnfjord kommune.

Kristin Bruland – kommunalsjef Jølster
Kjell Idar Dvergsdal – kommunalsjef Gaular
Kurt Even Andersen – kommunalsjef Førde
Oddvar Holsen – rådgjevar Naustdal
Elin Enebakk – representant for tillitsvalte
Liv Janne Bell Jonstad – prosjektsekretariat Sunnfjord kommune
Britt Aabergsbotten – tillitsvalt (NSF)

Status februar 2018

Vi har prioritert å starte opp prosjekt knytt til tenester og organisering som må vere på plass innan 01.01.20. Våren 2018 vil vi jobbe med følgjande:

  • Etablering av felles tenestestandard i pleie og omsorg
  • Kartlegging av institusjonstenester og open omsorg
  • Felles fagprogram i pleie- og omsorg (eit prosjekt som ligg til SYS IKT)
  • Organisering av NAV
  • Organisering av legetenester

Aktuelt tilknytt helse og omsorg

Felles tenestestandard for helse – og omsorgstenester i Sunnfjord kommune

Ved etablering av Sunnfjord kommune har vi funne det tenleg å samordne kriteriane for tildeling av tenester i helse – og omsorg, og at desse trer i kraft så tidleg som mogeleg. Slik kan vi sikre at vi i størst mogeleg grad har felles praksis/felles tankesett for tildeling av tenester frå 01.01.2020. Det er derfor laga eit forslag til felles standard for tildeling av pleie- og omsorgstenester for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal som skal gjelde frå 01.01.2019. Vidare ynskjer vi også at desse tenestestandardane skal gjelde når Sunnfjord kommune vert etablert frå 01.01.2020, men at dei i løpet av dette året også vert revidert.