Administrasjon

Sunnfjord kommune vert bygd frå grunnen av fram mot 2020 – alle regelverk, rutinar, avtalar, planar og system skal lagast . Kommunen får omlag 2200 tilsette og har i dag rundt 100 ulike IKT system. Fire ulike økonomiplanar skal bli ein. Oppgåvene er mange og involveringa vil vere brei.

Vegen til Sunnfjord Kommune

Mandat

01.01.2020 skal Sunnfjord kommune vere etablert med alle regelverk, rutinar, avtalar, planar og system, for å kunne yte gode tenester til innbyggjarane og ta i vare dei tilsette.

Organisering

Det administrative arbeidet er delt opp i fire hovudprosjekt med mange delprosjekt;

  • arkiv
  • IKT/digitalisering
  • rekneskap/ økonomi
  • personal

Personal

Sunnfjord kommune vert etablert gjennom gode og trygge prosessar som har ivaretatt alle tilsette i tråd med gjeldande lov og avtaleverk. Det vert gjeve tilbod til alle tilsette om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som i tidlegare kommune eller tilbod om anna passande arbeid.

Sunnfjord kommune vil ha ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane.
Informasjon om dette arbeidet vert å finne her på nettsida.

Prosjektgruppe:
Jan Birger Moe, personalleiar Førde
Rolf Kalland, kommunalsjef administrasjon Naustdal
Dag Kåre Ripe, personalleiar Gaular
Siv Kjøsnes, personalkonsulent Jølster
Stian Jakobsen, hovudtillitsvald
Solveig Bringeland, hovudverneombod

Økonomi og rekneskap

Den nye kommunen vår treng regelverk og system for å kunne ha god økonomi styring. Det skal lagast eit budsjett og ein økonomiplan for den nye kommunen. Det vil også bli laga eit skuggebudsjett i 2018 og 2019.

Informasjon om dette arbeidet vert å finne her på nettsida.

Prosjektgruppe:
Lise Mari Hugen rådmann , Førde
Terje Guddal rekneskapsleiar, Førde
Endre Bortne økonomirådgjevar, Naustdal
Gro økonomirådgjever, Gaular
Anette Sollid, prosjektsekretariat og økonomirådgjevar, Jølster

Arkiv

Sunnfjord kommune vil vere fullelektronisk på alle fagsystem og sak-/arkivsystem frå 01.01.2020. Det skal vere kort responstid og lett å få innsyn. Kommunen vil ha høg kvalitet på tenestene og ha god og presis kommunikasjon.

Informasjon om dette arbeidet vert å finne her på nettsida.

Prosjektgruppe:
Marit Steinset, arkivleiar Førde
Oddlaug Indrekvam, arkivleiar Naustdal
Svanhild Røkenes arkivansvarleg Jølster
Anne Karin Folkestad arkivleiar Gaular
Elin Enebakk, tillitsvald
Øystein Høyvik, prosjektkoordinator

IKT og digitalisering

Prosjektet vil arbeide for god informasjonsflyt for alle brukarar av Sunnfjord kommune sine tenester. Dei fire kommunane er i dag del av det interkommunale samarbeidet SYS IKT, og har alt like løysingar på mange områder.

Noko av det prosjektet vil arbeide med:
Nettsida til den nye kommunen vår skal gje innbyggjarar og næringsliv god tilgang på informasjon. Prosjektet vil sjå på alle interaktive sjølvbeteningsprosessar, for å sikre høg kvalitet på desse. Sunnfjord kommune vil bruke fellesløysingar i offentleg sektor, for gjenbruk av data på tvers av offentlig sektor.

Informasjon om dette arbeidet vert å finne her på nettsida.

Prosjektgruppe:
Carl-Richard Nyborg-Christensen, IKT-koordinator Jølster
Robert Rysjedal, IKT-koordinator , Naustdal
Gro Bjørvik, IKT-koordinator, Gaular
Lise Mari Haugen, rådmann Førde
Åge Klausen, SYS IKT
Marit Solheim, tillitsvald

Tversgåande prosjekt

Kommunen har fleire tenester som ikkje ligg under ein sektor aleine. Desse tenestene har ein organisert i prosjekt som arbeider tversgåande. Dette er dei prosjekta som er oppretta i dag.

  • Arbeidstidsplanleggingssystem, bemannings-/vikarpool
  • Barn og unge – BTI
  • Bustadsosialt arbeid
  • Folkehelse, Friskliv, Frivillighet og SLT
  • Flyktningar og innvandrarar
  • Forprosjekt eigedomsskatt
  • Klart Språk
  • Eigenkontroll
  • Plan/planstrategi

Aktuelt tilknytt administrasjon

Vil du vere med å utvikle Sunnfjord kommune?

Vil du vere med å utvikle Sunnfjord? Vi har oppretta ei ny fast 100 % stilling som koordinator for digitalisering i Sunnfjord kommune

Slik vil Sunnfjord kommune bli organisert

9.mai gjorde fellesnemnda vedtak om administrativ organisering for Sunnfjord kommune. Organiseringa har vore orientert om og drøfta med ulike grupperingar – mellom anna rådmenn, fagnettverk, tillitsvalde og politiske gruppeleiarane.

600 dagar til Sunnfjord kommune

I dag, 11.mai er det 600 dagar igjen til Sunnfjord kommune skal vere etablert som sjølvsendig kommune. Arbeidet med å etablere den nye kommunen er i godt i gjenge. Stemninga i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune er god, og vi er i rute for å nå fristen 31.12.2019. Samanslåinga av kommunane Førde, […]