I høve kommunereforma er teknisk sektor organisert gjennom fleire delprosjekt. Innan teknisk sektor førebur og planlegg vi for at Sunnfjord kommune kan levere kvalitativt gode tenester til våre innbyggjarar i heile kommunen.

Delprosjekta aktiviserer over 30 tilsette, arbeidet er difor viktig også for at våre leiarar og tilsette i Naustdal, Jølster, Gaular og Førde bygg felles kompetanse og kjennskap til kvarandre.

Foreløpig er reformarbeidet innan tekniske tenester delt opp i 5 delprosjekt

Plan og arealforvaltning

Denne gruppa analyserer og utgreier gjeldande arealplaner, reguleringsplaner, dispensasjonar og planpraksis for kommunane. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for ei tidleg samkøyring av kommunane sitt plansystem.

Organisering av drift og kommunalteknikk og byggforvaltning

Dette området er fordelt på to delprosjekt. Her vert det kartlagt og analysert praksis og tekniske styringssystem for Jølster, Naustdal, Førde og Gaular. Ein viktig del av jobben er å få etablert gode styringssystem for Sunnfjord kommune og at vi kan skipe bilete av einingane sine kompetansebehov.

Sjølvkost og regulativ

I dette delprosjektet vert det lagt til rette for at kommunen kan ferdigstille nytt gebyrregulativ for ny kommune innan vatn, avløp, renovasjon. At det vert gjennomført ein grundig jobb på sjølvkost er viktig for at ny kommune vert gjort i stand til å krevje riktig og rettferdig brukarbetaling.

Vegadresser og matrikkel i Sunnfjord kommune

Gruppa bidreg til at ny kommune har eit samanhengande adressesystem for heile Sunnfjord kommune, og at matrikkelen er oppdatert og klargjort i høve kommunereforma.

Brann- og rednigsvesen i Sunnfjord kommune

Gruppa jobbar med å planlegge for eitt ny brann- og redningsvesen i ny kommune. Her vert det jobba med analyser innan risiko og sårbarhet, førebygging og beredskap, samt gjennomgang av planverk.