Ord for dagen

Ord for dagen

En lur person sa ein gong at det er lettare å snakke enn å sei noko. Eg håpar at det ikkje er sånn det blir oppfatta når vi står her med ord for dagen.

Det er vanskeleg å finne dei rette orda for å motivere og be dykk stå på det siste året vi har att fram til Sunnfjord kommune er ein realitet. Vi veit at det stadiet vi er i no skapar angst og stress for mange som er usikre på arbeidsstad, eining, rolle osv. Det omfattar sikkert også mange av dykk. Ein av dei forholda som har dukka opp etter kvart som prosjektet har gått framover, er ein endring av den økonomiske situasjonen i den nye kommunen. Det er noko som verkar inn på vår kvardag, både opp mot dei tenesta vi skal yte og ikkje minst kor mange tilsette vi skal vere igjen i 2020.

Likevel er det vi som er tillitsvalde som skal vere rådgjevarar og tryggleiken for våre medlemmar og kollega. Det kan vere eit stort dilemma dersom vi sjølv kjenner på manglande tryggleik og bakkekontakt.

Eg minner enno ein gong om at de tar kontakt med Stian, Marit, Elin eller meg dersom det er behov for støtte og informasjon. Vi er her for å ta med oss innspel og problemstillingar vidare inn i dei arbeidsgruppene vi sitt i, inn i administrativ styringsgruppe, drøftingsmøter og andre møter på dykkar vegne. Vi gjer vårt beste for å halde tråen i det som rører seg og som påvirkar dykkar arbeid ute. Som det har vore sagt i dag så er det relativt mykje. Vi er derfor avhengig av tilbakemeldingar frå dykk.

Vi skal vere med å informere til våre medlemmar, ja. Men organisasjonspsykolog Jon Einar Jacobsen har gjort ei undersøking i Viken, ikkje på Skei, men Østfold, Akershus og Buskerud. Dei tilsette melder tilbake at dei helst ønskjer informasjonen gjennom informasjonsmøter, avdelings- eller seksjonsmøter og frå sin næraste leiar. Tillitsvalde og vernetenesta så kjem vi faktisk ganske langt ned i lista.

Vi må endre tankane våre frå «kva skal vi få til», til å tenkje «kva har vi fått til». Vi som tillitsvalde kan velje å vere ein brikke i prosessen eller vi kan vere ein aktør. Vi kan bidra, heve stemmen, spørje, meine, tenkje. Men vi kan også bli offer for medverknadstrettheit. Nokre tillitsvalde er med i så mange grupper og fora at det blir overveldande. Kalenderen har ikkje nok dagar og timar til det arbeidet vi skulle ha gjort mellom alle møta, dei telefonane og samtalane som skulle vore gjennomført.

Alle følelsar er lovleg undervegs, men det er grenser for korleis vi kan uttrykke dei både ovafor kollega, andre tillitsvalde og leiing. Det vi har høyrt i dag kan nok røre med store delar av følelsane for nokre og ein kvar. Tenk over følgjande når vi informerer: Vi er flinke til å gi kunnskapsbasert informasjon ut, men dersom vi ikkje gjer det vi seier så klarer vi ikkje å bygge opp om den bodskapen vi ønskjer å formidle. Og det å appellere til følelsane verker eigentleg ikkje så mykje inn på mottakaren.

Vi har 10 månader igjen no så er vi tilsette i Sunnfjord kommune. Hans Erik Utne frå Holmestand kommune sa at vi må passe på hekkbølga som kjem etter samanslåingsdatoen. Homestrand har gjennomført samanslåing med Hof i 2018, og er no i gang med samanslåing med Sande. Dei fikk knapt kvile før dei var i gang igjen. Allereie ser dei at det kjem oppgåver og forhold som dei ikkje klarte å få på plass før første runde. Det er ikkje sikkert vi skal sette oss ned å grine fordi vi ikkje får gjennomført alt vi vil før året er omme. Eg trur vi må ha endringsviljen med oss også etter den magiske datoen.

Så vær ein aktør, ei stemme, ein rådgjevar og ein tryggelik for både leiing og medlemmar. Det er den rolla vi fikk når vi fikk tillit frå våre eigne.

Og husk at ingenting er umulig. Det umulige tar bare litt lenger tid.

Torill Anita Segtnan, HTV