Politisk organisering av Sunnfjord kommune

Kommunestyret i Sunnfjord kommune vil ha 45 medlemmar. Det er val av kommunestyre i september 2019. 

Det politiske arbeidet vil vere organisert etter utvalsmodellen. Utvala skal ha gjennomgåande representasjon så langt det er mogeleg. Det vert 3 fagutval med 11 medlemmar i kvart utval:

  • Helse og omsorg
  • Samfunn, kultur og næring
  • Oppvekst

Saker som er handsama i utvala går direkte til kommunestyre for endeleg handsaming med mindre vedtaksmynde er delegert til utvalet. Saker som har økonomiske konsekvensar og som ikkje er handsama i budsjett/økonomiplan bør også handsamast av formannskapet.

I organisasjonskartet under ser du kva utval Sunnfjord kommune får. I tillegg vil det vere tre råd.

Sjå handsaming av politisk organinsering i fellesnemnda 06.06.2018 her

Kommunestyret i Sunnfjord kommune

Kommunestyret vil ha 45 medlemmar. Alle medlemmane vil ha plass i kvar sitt utval.

Administrasjonsutval

Sunnfjord kommune skal ha eit administrasjonsutval med 5 medlemmar valt av kommunestyret i tillegg til 2 tillitsvalde

Klageutval

Sunnfjord kommune skal ha eit klageutval på 7 medlemmar (5 medlemmar når dei handsamar saker etter sosialtenestelova)

Kontrollutval

Sunnfjord kommune skal ha eit kontrollutval med 5 medlemmar.

Formannskap

  • Formannskapet skal ha 11 medlemmar og handsamar også plansaker etter plan‐ og
    bygningslova
  • Ein av medlemmane i formannskapet skal ha funksjonen som representant for barn
    og unge i plansaker

Utval for helse- og omsorg

Utval for helse- og omsorg er eit  fagutval med 11 medlemmar frå kommunestyret.

Utval for samfunn, kultur og næring

Utval for samfunn, kultur og næring er eit  fagutval med 11 medlemmar frå kommunestyret.

Utval for oppvekst

Utval for opvekst er eit  fagutval med 11 medlemmar frå kommunestyret.

Eldreråd

Kommunestyret skal velge eit eldreråd.  Fleirtalet av medlemmane i eldrerådet skal på valgtidspunktet ha fylt 60 år.

Rådet er rådgjevande organ for kommunen og har rett til å uttale seg i saker som gjeld eldre.

Eldrerådet får  7 medlemmar inkl. 2 medlemmar oppnemnt av kommunestyret.

Kommunaltråd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet er rådgjevande organ for kommunen og har rett til å uttale seg i saker som gjeld henholdsvis personar med nedsett funksjonsevne.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne får 7 medlemmar inkl. 2 medlemmar oppnemnt av kommunestyret.

Ungdomsråd

Kommunestyret kan velge eit ungdomsråd. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Medlemmene i ungdomsrådet skal på valgtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.

Rådet er rådgjevande organ for kommunen og har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom.