Organisasjonskart

Under kan du sjå dei ulike utvala og kva dei ulike utvala har ansvar for.

Fellesnemnda

Fellesnemnda vert det mellombelse kommunestyret fram til nytt kommunestyre på er på plass 1. januar 2020. Den politiske nemnda skal organisere og samordne samanslåingsprosessen. Fellesnemnda har 19 medlemmar – 7 frå Førde, 4 frå kvar av dei andre kommunane. Dei fire kommunane hadde sitt første felles kommunestyremøte 21. juni 2017 der fellesnemnda vart vedteken. Etter det konstituerande møte 28. juni 2017 har nemnda starta sitt arbeid og har fullmakt til å ta stilling til alle spørsmål som gjeld organisering av den nye kommunen. Fellesnemnda skal møtast ein gong i månaden.

Kontaktpersonar fellesnemnda

Sjå møteplan med referat for fellesnemnda

Partsamansett utval

Etter Hovudavtalen skal alle kommunar opprette eit eller fleire partsamensette utval for handsaming av saker som gjeld tilhøva mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. For arbeidet med Sunnfjord kommune består det av medlemmane i fellesnemnda og seks tillitsvalde.

Sjå oversikt over medlemmane i partsamansatt utval

Sjå møteplan med referat for administrativ styringsgruppe

Prosjektleiar/rådmann

Ole John Østenstad er tilsett som rådmann i Sunnfjord kommune og prosjektleiar fram til 2020. (lenkje til kontakt info på han)

Finn kontaktinformasjon

Omstillingsutval

Det vil bli oppretta eit omstillingsutval.

Administrativ styringsgruppe

Administrativ styringsgruppe organiserer dei administrative prosessane fram til ny kommune. Gruppa er leia av rådmann for Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad. Han er også tilsett som prosjektleiar fram til 2020. I gruppa sit i tillegg rådmennen for dei fire kommunane, tillitsvalde frå dei fire hovudsamanslutningane, hovudverneombod og prosjektkoordinator i prosjektsekretariatet.

Denne organiseringsforma er nokså unik i reformsamanheng. At dei tillitsvalde er medlemmar av denne gruppa sikrar involvering og god framdrift i arbeidet.

Sjå oversikt over medlemmane i administrativ styringsgruppe
Sjå møteplan med referat for administrativ styringsgruppe

Prosjektsekretariat

Prosjektsekretariatet er staben til rådmannen/prosjektleiar. Sekretariatet er leia av prosjektkoordinator, Øystein Høyvik. Sekretariatet vil bistå rådmannen i arbeidet med utgreiingar og planlegging av den nye kommunen. Dei tilsette i sekretariatet er involvert i både administrative og politiske prosjekt.

Sjå oversikt over medlemmane i prosjektsekreteriatet

Administrative prosjekt

Sunnfjord kommune vert bygd frå grunnen av fram mot 2020 – alle regelverk, rutinar, avtalar, planar og system skal lagast . Kommunen får omlag 2200 tilsette og har i dag rundt 100 ulike IKT system. Fire ulike økonomiplanar skal bli ein. Oppgåvene er mange og involveringa vil vere brei.

Oversikt over administrative prosjekt