Administrativ organisering av Sunnfjord kommune

Rådmannen er leiar for kommunen, og får sitt ansvar delegert frå kommunestyret. Sunnfjord kommune har valt ei organisering der leiarane har god nærleik til tenestene og til dei tilsette.

Sjå handsaming i fellesnemnda 09.05.2018

Rådmann

Ole John Østenstad er tilsett som rådmann i Sunnfjord kommune. Han er også prosjektleiar for Sunnfjord kommune fram til 2020.

Sjå kontaktinformasjon rådmann

SEKTOR

Kvar sektor er leia av ein kommunalsjef. Dei seks kommunalsjefane er del i rådmannen si leiargruppe saman med assistarande rådmann og personalleiar.

Kontaktinformasjon kommunalsjefar

Barnehage

  • 17 kommunale barnehagar
  • 10 private barnehagar

Skule

  • 16 skular
  • Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
  • Norsksenteret
  • Flyktningteneste
  • Norsk opplæring

Sjå kontaktinformasjon for kommunalsjef for skule

Helse og sosial

  • Fysioterapaut og ergoterapaut
  • NAV
  • Legetenesta
  • Helsestasjon
  • Barnevern
  • Dagtilbod og aktivitetsenter
  • Psykiatri og rus

Sjå kontaktinformasjon for kommunalsjef for helse og sosial

Omsorg

  • 3 sjukeheimar
  • 1 bufellesskap
  • 5 heimeteneste einingar
  • 5 eingar for buteneste, utviklingshemma
  • Avlastningsteneste for unge
  • Tildelingseining
  • Kjøkken
  • Butiltak for psykiatri og rus

Sjå kontaktinformasjon for kommunalsjef for omsorg

Kultur og idrett

  • Kulturhus
  • Kino
  • Ungdomstilbod
  • Anlegg for idrett og friluftsliv
  • Kulturskule
  • Bibliotek

Teknisk og miljø

  • Forvaltining, drift og vedlikehald (FDV)
  • Eigedom
  • Reinhald
  • Tekninsk drift: Veg, vaten, avlaup og park
  • Brann og redning
  • Areal- og byggesak
  • Landbruk og miljø

Sjå kontaktinformasjon for kommunalsjef teknisk og miljø

STAB

Dei sju leiarane av stab- og støtteeiningane rapporterer til assisterande rådmann.

Assisterande rådmann

Assisterande rådmann er nestleiar i administrasjonen og fungerer fast som rådmann når rådmannen
er fråverande.

Leiarane av stab- og støtteeiningane rapporterer til assisterande rådmann.

Assisterande rådmann har ansvaret for plan- og styringssystema i kommunen – m.a. økonomiplan,
budsjett, årsmelding, årsrapport, tertialrapportar og kommuneplanen sin samfunnsdel.
Assisterande
rådmann har ansvaret for den overordna økonomiske styringa av Sunnfjord kommune.

Sjå kontaktinfjormasjon til assisterande rådmann

Personal og organisasjon

Sunnfjord kommune vil ha omlag 2200 tilsette.  Personal og organisasjoner ei støtteeining for leiarane i kommunen.

Sjå kontaktinformasjon for stabsleiar personal og organisasjon

Rekneskap

Rekneskap og lønn har ansvaret for kommunerekneskapen, skatteinnkrevjing, arbeidsgjevarkontrollen, lønnsutbetaling og fakturering. Eininga er støtte for assisterande rådmann i arbeidet med plan- og styringssystema.

Sjå kontaktinformasjon til stabsleiar for rekneskap

Service

Sunnfjord kommune vil ha ei eiga serviceeining som fangar fleire av dei fellesfunksjonane som ligg til kommunen. Eininga vil ha funksjonar som både er retta internt mot organisasjonen og eksternt mot publikum. Fleire av funksjonane vil ein  løyse desentralt.

  • Arkiv/dokumentsenter
  •  Servicetorg. I det vidare arbeidet må vi avklare korleis servicefunksjonane i kommunehusa i
    Gaular, Naustdal og Jølster skal organiserast.
  • Innkjøp
  • Informasjon/kommunikasjon
  • IKT-koordinator, superbrukarfunksjonar
  • Digitalisering og nye løysingar
  • Sentralbord
  • Politisk sekretariat
  • Desentraliserte rådhusfunksjonar

Sjå kontaktinformasjon for stabsleiar for service

Fagutvikling

  • Controller
  • Utviklingsenteret for sjukeheim og heimetenester
  • «Øyremerka» og felles fagressursar for rådmannen og kommunalsjefane
  •  Prosjektstillingar og prosjektkompetanse
  • Ressursar for arbeid med økonomiplan, budsjett o.l.
  • Folkehelse
  • Strategisk planlegging (fag)

Sjå kontaktinformasjon for stabsleiar fagutvikling

Næring- og samfunnsutvikling

  • Støtte opp om arbeidet som ordførar og rådmann har med omsyn til større nærings- og kulturprosjekt
  • Systematisk arbeid mot  fylkesmann og fylkeskommune i det nye fylket samt interkommunalt arbeid/regionsamarbeid/regionalpolitikk
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel
  • Tettstadutvikling

Sjå kontaktinformasjon for stabsleiar for næring- og samfunnsutvikling

SYS IKT

SYS IKT er i dag eit interkommunalt selskap for 10 kommunar organisert etter §27 i kommunelova.

Sunnfjord kommune vil truleg overta arbeidsgjevaransvaret slik Førde kommune har det i dag.

Ei eiga politisk arbeidsgruppe ser på eigarskapen i selskap eigd av kommunane, og det kan derfor bli endringar her. Eit alternativ kan vere at ein går tilbake til vertskommuneorganisering.

Sjå kontaktinformasjon for leiar SYS IKT

Kommuneadvokat