Om Sunnfjord kommune

Kommunane Naustdal, Gaular, Jølster og Førde vert Sunnfjord kommune frå 1.januar 2020.
Arbeidet er godt i gang, og er organisert i ulike prosjekt. Mange viktige avgjerder skal fattast i tida framover. Følg arbeidet på prosjektsidene.

Fellesnemnda er det mellombelse kommunestyret fram til nytt kommunestyre er på plass i 2020. Den politiske nemnda vart konstituert juni 2017, og har fullmakt til å organisere og samordne samanslåingsprosessen. Les meir om fellesnemnda her.

Nyttige lenker

Regjeringa om kommunereform
Informasjonsside frå KS om kommunereform

Vegen til Sunnfjord kommune

2019

Ved utgangen av 2019 skal den nye kommunen vere klar med alt av regelverk, IKT system, avtalar og organisering.

Nokre milepælar i 2019:

  • September 2019 er det kommuneval, og dei 45 medlemmane i kommunestyret for Sunnfjord kommune skal veljast.
  • Juni 2019 skal alle tilsette ha motteke ny arbeidsavtale.

2018

Det er oppretta politiske og adminstrative prosjektgrupper som er godt i gong med planlegging av Sunnfjord kommune.

Nokre milepælar i 2018:

  • Januar 2018 prosjektdirektiv for administrative prosjekt klare
  • Februar 2018 arbeidsgruppene for dei ulike delprosjekta klare
  • Juni 2018 politisk hovudstruktur er klar
  • Juni 2018 rådmannen si leirargruppe er klar
  • September 2018 kommunevåpen klart
  • Oktober 2018 organisasjonskartet for heile kommunen er klart

2017

I 2017 vart fellesnemnda oppretta og rådmann tilsett. Arbeidet med den nye kommunen vår tok til for fult.

Nokre milepælar i 2017:

  • Juni 2017 stortinget sa ja til ny kommune i indre Sunnfjord
  • Juni 2017 fellesnemnda vart konstituert (lenkje til fellesnemnda i org.kart)
  • Juni 2017 Organisering av arbeidet med ny kommune var klart (lenkje til org.kart)
  • September 2017 politiske prosjekt vart etablert (lenkje til politiske prosjekt)
  • November 2017 prosjektsekretariatet vart oppretta (lenkje til prosjektsekretariat)
  • Desember 2017 kommunen fekk namnet; Sunnfjord kommune
  • Desember 2017 Ole John Østenstad vart tilsett som prosjektleiar og rådmann for ny kommune.

2016

I 2016 vart det halde folkerøystinar og innbyggjarhøyringar i kommunane. Kommunestyra i dei 4 kommune gjorde likelydane vedtak om å bli ein kommune frå 2020.

Nokre milepælar i 2016:

  • Januar 2016 folkemøter
  • Januar 2016 informasjonsmøte for ungdomsråda
  • April 2016 folkerøysting og innbyggjarhøyring
  • Juni 2016 Gaular, Naustdal, Førde og Jølster vedtek intensjonsavtale om å verte ein kommune frå 2020.

2015

Kommunane i Sunnfjord hadde bestemt seg for å utgreie ulike alternativ for ny kommune.
Det vart utarbeida intensjonsavtalar for dei ulike alternativa for ny kommune.

Nokre milepælar i 2015:

Søknad om utsett frist:
Kommunereform i Sunnfjord og Ytre Sogn, utsett frist for vedtak (PDF)

Det vart utarbeidd eit eige utfordringsdokument januar 2015:
Utfordringsdokument januar 2015 (PDF)

Kommunestyra i kvar av dei ni kommunane gjorde vedtak om utgreiing av felles kommune i Sunnfjord i februar 2015:
Kommunereform i Sunnfjord – oversikt vedtak februar 2015 (PDF)

Prosjektplanen, som vart vedtatt av styringsgruppa, omtalar mellom kva som er målsetting med arbeidet som skal gjennomførast:
Prosjektdirektiv Sunnfjord (PDF)

Det vil bli gjennomført informasjonsmøte i alle kommunane i løpet av mars 2015. Denne presentasjonen vil bli lagt fram på desse møta:
Informasjon mars 2015 (PDF)

2014

Det vart gjennomført felles formannskapsmøte Flora, Jølster, Gaular, Naustdal og Førde for å drøfte mandat for arbeid med ny kommune i Sunnfjord. Jan Øhlckers og Oddvar Flæte vart engasjert for å førebu møtet og utarbeide eit framlegg til mandat i samsvar med drøftingane i møtet. I framlegget vert det gjort framlegg om å etablere ei styringsgruppe med alle ordførarane, ei prosjektgruppe med rådmennene og to tillitsvalde og lokale referansegrupper for kvar kommune der formannskap og tillitsvalde deltek.

Nokre milepælar i 2014:

  • Oktober 2014 felles formannskapsmøte mellom Flora, Jølster, Gaular, Naustdal og Førde
  • November/ desember 2014 alle kommunestyra vedtok å slutte seg mandat for kommunereform i Sunnfjord.
  • Desember 2014 andre kommunar kunne også melde si interesse for å delta i ei utgreiing om ein felles kommune i Sunnfjord. Kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Gloppen har gjort eigne kommunestyrevedtak om å delta her.