Nærmiljøråda i Sunnfjord kommune

Utviklinga i samfunnet og ny kommunestruktur medfører at Sunnfjord er i endring og gamle kommunesenter og tettstadar vil få nye roller og funksjonar. I denne prosessen er det viktig at ein klarar å involvere innbyggjarane i tettstadane slik at ein får best mogleg bilete av no situasjonen, trendar og framtidsplanar.

Nærmiljøråda sin funksjon

Ørjan Stubhaug – rådgjevar for prosjektsekretariatet i Sunnfjord kommune
Nærmiljøråda skal være råd for Naustdal, Bygstad, Skei, Vassenden og Sande. Dei jobbar for lokalsamfunnsutvikling i dei tidlegare kommunane. Saker som er viktige for sin tettstad, kan være alt i frå samferdsel til leikeplassar. I Skei og Naustdal er dei til dømes opptatt av å få ned fartgrensene på riksvegen.

Vi har ikkje hatt noko liknande før. Grunnen til at vi ønskjer desse nærmiljøråda er for å sørge for aktivitet og utvikling i dei tidlegare kommunsentera. I tillegg til desse tre som representerar dei tidlegare kommunesentera er det også kome to nye nærmiljøråd.

Dei som er med i nærmiljøråda bestemmer sjølve kor mange medlemmer det skal vere i nærmiljørådet. Det er mellom 5-7 stykker som sit i kvart nærmiljøråd i dag. Det viktigaste medlemmane gjer er å vere ein upolitisk paraplyadministrasjon for tiltak i dei ulike grendene. Dei må jobbe for å få prosjekta sine fram. Det kan vere alt i frå skule, utvikling av strender eller søknad om nærmiljøanlegg. Dei skal ikkje vere politiske, altså det må på ein måte vere eit grasrot råd.

Nærmiljøråda er bestillt av fellesnemnda for Sunnfjord kommune. Det er ei politisk gruppe som ser på dette med nærdemokrati. Det er denne gruppa som har anbefalt at nærmiljøråda skal opprettast og jobbar for at desse skal lykkast.

Dei fem nærmiljøråda er alt oppe og går. Arbeidet begynte i februar, med å bestemme samansetjing av medlemar. Nærmiljøråda har ein leiar, ein kasserar og vedtekter. I vår arbeidde dei i hovudsak med det byråkratiske førearbeidet, og no etter sommaren vil dei vere oppe å gå slik dei skal.

Inervju med leiarar av nærmiljøråda

Nærmiljøråda får 50 000 kroner kvar som dei kan bruke til det dei har lyst til. Tre av råda er intervjua om kva dei tenkjer å bruke pengane til.

Geir Heggheim – leira for nærmiljørådet på Skei
Nærmiljørådet på Skei har tenkt å bruke dei 50 000 kronene til:

  • Betre informasjonen om dei ulike aktivitetane som finst i området,td. turløyper. Dvs skilting og infotavle som viser kvar dei ulike stiane startar.
  • Flytebrygge ved båthamna med diverse fasilitetar for bading.
  • Starte arbeidet med opprustning av gamle leikeplassar som forfell.

Dei har mange prosjekt på blokka, men desse tre vil dei prioritere først.

Anne Kristin Lilleaasen leiar for nærmiljørådet i Bygtstad
Nærmiljlørådet i Bygstad er i planleggingsfasen med kva dei skal bruke desse 50 000 kronen til, og ho legg til at dei har diskutert å bruke pengane på badeplassar/badebrygger i sentrumsområda.

Hanna De Groot, leiar for nærmiljørådet i Naustdal kommune
Nærmiljlørådet i Naustdal vil bruke pengane på å vere eit aktivt fellesskap og talerøyr for utvikling av eit betre lokalmiljø i Naustdal. Føremålet er å fremje aktivitet, betre trivsel og psykososiale tilhøve og ta del i utviklinga av området, slik at det vert meir triveleg, funksjonelt, tiltalande og spanande samstundes som ein tek vare på særpreg, eigenverdi og verneverdige miljø. Vi vil støtte fram lokale dugnadsinitiativ og saman med dei frivillige dugnadskreftene betre livskvaliteten til dei som bur og arbeider her og til dei som besøker Naustdal.

Les meir om den politiske prosjektgruppa for framtidas lokaldemokrati

Les rapportane frå tettstad analysen

Intervjuar: Tobias Dyregrov