Nærmiljøråd i tettstadane i Sunnfjord kommune

Fellesnemnda for Sunnfjord kommune har vedteke at det skal opprettast nærmiljøråd for kvar enkelt tettstad i den nye kommunen. Oppretting av nærmiljøråda er i samsvar med tilrådingane i frå tettstadsutviklingsprosjektet til Sunnfjord utvikling. 

I hovudsak ynskjer Sunnfjord kommune å vidareføre etablerte prosjektgrupper frå tettstadsutviklingsprosjektet til Sunnfjord Utvikling. Ei viktig målsetting for dette arbeidet er jobbe for gode tiltak i kvar enkelt tettstad. Gode tiltak som bidreg til at heile Sunnfjord kommune blir ein meir attraktiv bu- og arbeidsregion.

Det vert lagt opp til at kvart enkelt råd definerer eige ambisjonsnivå, og samtidig identifiserer viktige tiltak for kvart enkelt område. Sunnfjord kommune har ambisjon om at nærmiljøråda vert oppretta innan sommaren år 2019.

Innan kort tid vil Sunnfjord kommune og Sunnfjord utvikling halde felles møte for oppretting av nærmiljøråd for tettstadane Bygstad Naustdal, Skei, Sande og Vassenden.

For meir informasjon kan de ta kontakt med desse:

Ørjan Stubhaug: Orjan.stubhaug@naustdal.kommune.no, tlf 90 99 96 76

Bente Hauge: Bente.Hauge@sunnfjord.no, tlf 95 26 13 59

Illustrasjon: Gregory Idehen