Det er no gjort tilsetting i dei tre siste leiarstillingane i kommunedirektøren si leiargruppe i Sunnfjord kommune:

• Kommunalsjef for skule: Åge Stafsnes
• Kommunalsjef for barnehage: Kristine Steindal
• Kommunalsjef for kultur og idrett: Hilde Bjørkum

Åge Stafsnes (55) har lang erfaring som skuleleiar og er i dag rektor ved Halbrend skule i Førde, men har også vore rektor ved Flatene skule og Karstad skule. Han har også erfaring som hovudtillitsvald og har hatt sentrale verv i tidlegare Lærarforbundet.

Kristine Steindal (45) arbeider i dag som utviklingskoordinator (skule- og barnehageutvikling) i eininga fagutvikling og koordinering i Førde kommune. Ho har også erfaring som styrar frå to ulike barnehagar i Førde. Ho har mastergrad i organisasjon og leiing med spesialisering i utdanningsleiing.

Hilde Bjørkum (60) er mest kjent som direktør for Førdefestivalen i ei årrekke, men ho er også ein habil folkemusikar og folkedansar med fleire utmerkingar. Hilde Bjørkum har ei rekke verv både nasjonalt og internasjonalt innan kulturområdet.

Leiargruppa i Sunnfjord kommune har 6 kommunalsjefar. I tillegg til dei tre som no er tilsette, er Kurt Even Andersen tidlegare tilsett som kommunalsjef for helse og sosial, Kirstin Bruland kommunalsjef for omsorg og Øyvind Bang-Olsen kommunalsjef for teknisk og miljø. I leiargruppa sit også Jan Birger Moe som personalsjef, Lise Mari Haugen som assisterande kommunedirektør og Ole John Østenstad som kommunedirektør.

Åge Stafsnes, kommunalsjef for skule

Kristine Steindal, kommunalsjef for barnehage

Hilde Bjørkum, kommunalsjef for kultur og idrett

Kommunedirektør Ole John Østenstad

Assisterande kommunedirektør Lise Mari Haugen

Kommunalsjef for omsorg Kirstin Bruland

Kommunalsjef for helse og sosial Kurt Even Andersen

Øyvind Bang-Olsen, kommunalsjef for teknisk og miljø. Foto: Firda