Ledige stillingar i Sunnfjord kommune

Frå 2020 blir kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal til Sunnfjord kommune. Kommunen blir  sentralt plassert i Vestland fylke, og kan tilby rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen får omlag 23 000 innbyggjarar, og 2 300 tilsette. Sunnfjord kommune blir sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert her med teater, kino, konsertar og utstillingar. Tilbodet av bustadar og tomter er breitt i dei fire kommunane i dag.

Planlegginga av den nye kommunen er godt i rute. Sunnfjord kommune har høge ambisjonar og gode føresetnadar for å verte ein føregangskommune og ei drivkraft i Vestland fylke.

Det har nett vore lyst ut tolv stillingar som einingsleiar i kommunen. Einingsleiararne er knytt til seks sektorar, leiar av kommunalsjefar.  Det har også vore lyst ut tre stillingar som kommunalsjef. Intervjurundar er i gong.  Sjå organisasjonskart.

Ledige stillingar Førde kommune

Ledige stillingar Gaular kommune

Ledige stillingar Jølster kommune

Ledige stillingar Naustdal kommune

Ledige stillingar Sunnfjord kommune


Har du spørsmål om ledige stillingar i Sunnfjord kommune:

Bilete av Ole  John  Østenstad
Ole John Østenstad
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Følg oss på Facebook