Nye einingsleiarar
Prosessen med tilsetting av nye einingsleiarar i Sunnfjord kommune er no avslutta i første omgang. 66 einingsleiarar er har fått tilbod om stillingar og har takka ja. I 12 stillingar er det ikkje tilsett nokon, og her vil arbeidet med rekruttering fortsette.

Dei fleste einingsleiarane fortset i dei stillingane dei alt har, medan for nokre av stillingane vart det gjennomført ein omfattande prosess med utfylling av kartleggingsskjema, kartleggingssamtale og intervju i regi av dei nye kommunalsjefane og tillitsvalde.

Organisasjonskart for kommunen finn du her

Dette er einingsleiarane i Sunnfjord kommune:

Barnehage

  • Slåttebakkane barnehage, Gunnarsdottir, Gudbjørg
  • Halbrend barnehage, Naustdal, Kari
  • Vie barnehage, Helgås, Ann Renate
  • Solsida barnehage, Hagen, Elin
  • Vieåsen barnehage, Årdal, Sissel Elin
  • Tusenfryd barnehage, Røyseth, Elin
  • Hatlehaugen barnehage, Indrebø, Anita B.
  • Nærleiken barnehage, Listau, Tone
  • Ytre Hafstad barnehage, Kleiven, Jorunn L
  • Langhaugane Barnehage, Kjeilen, Hege
  • Skei Barnehage, Årdalsbakke, Mona Skai
  • Lunden barnehage, Kongsvik, Kirsten
  • Bygstad barnehage, Fauske, Anne Jorunn
  • Viksdalen barnehage, Espeseth, Bodil Flaten

Skule

  • Førde barneskule Helland, Therese
  • Halbrend skule Stafsnes, Åge A.
  • Karstad skule og barnehage Solheim, Britt Nesbø
  • Sunde skule Midtbø, Anne K. F
  • Holsen skule Reiakvam, Synneve B
  • Frøysland skule Grøneng, Lilly
  • Slåtten skule Hatlem, Turid I
  • Flatene skule Seime, Per Inge
  • Førde ungdomsskule Hamre, Hallgeir
  • Viksdalen skule Hope, Jorunn
  • Sande skule Kvammen, Rune
  • Bygstad skule Råheim, Kirsten
  • Vassenden skule Kapstad, Anne Cecilie
  • Skei skule Natås, Annette Dale
  • Naustdal barne- og ungdomsskule Haugsbø, Gunn Marit
  • Vevring skule og barnehage Sæbø, Helga
  • Førde Norsksenter Solheim, Aud Sletteland
  • PPT Knapstad, Asbjørn

Omsorg

  • Gaular bygde- og sjukeheim, Kvamme, Anita Eide
  • Førde helsetun skjerma eining, Hjelkrem, Gunnvor
  • Førde Helsetun, langtidseining, Holmelid, Una
  • Førde helsetun, korttidseining, Bruland, Gunn B
  • Jølster Omsorgssenter, Skei, Farsund, Wenche
  • Bu- og miljøteneste, Førde, Wold, Erik Øksenberg
  • Avlastingstenesta unge, Reite, Harald B
  • Butiltak psykiatri og rus, Eide, Tore
  • Heimetenester utesone Førde, Stein, Camilla
  • Tildelingstenesta, Aalnes, Gry
  • Heimetenester sone Gaular, Brakstad, Therese
  • Heimetenester sone Vassenden, Arnes, Finn Ove
  • Heimetenester sone Skei, Flatjord, Heidi Husetuft
  • Heimetenester sone Naustdal, Svalheim, Mona Kidøy
  • Bu og miljøteneste, Naustdal, Sunnarvik, Anita

Helse og sosial

  • Barnevernstenesta –  Mjåtveit, Ove
  • Helsestasjonen –  Håvardstun, Magni
  • Legetenesta –  Folland, Knut Erik
  • NAV – Berg, Magne Kjetil
  • Fysio- og ergoterapitenesta –
  • Aktivitets – og frisklivstenesta –
  • Psykisk helse og rus –

Kultur og idrett

  • Kultur og ungdom Bengtsson, Johan
  • Kulturskule Skarvatun, Trude
  • Idrett og friluftsliv Rognsøy, Anne-Grete Nøttingnes
  • Bibliotek

Teknisk og miljø

  • Areal og byggsak Strømsli, Odd Harry
  • Forvaltning, drift og vedlikehald Eigendom Bijsterbosch-van Hal, Ellen
  • Teknisk drift Kårstad, Leif Halvor
  • Landbruk og miljø Klakegg, Oddmund
  • Brann og redning Øberg, Bernard

Stab

  • Personal, Jan Birger Moe
  • Service, Ellen Jensen
  • Rekneskap, og skatt Terje Guddal
  • SYSIKT, Åge Klausen
  • Kommuneadvokaten, Bjørnar Karlsen
  • Fagutvikling, Øystein Høyvik
  • Næring- og samfunnsutvikling, Trond Ueland

Vakante leiarstillingar
Ein del leiarstillingar er ikkje besatt og ingen av dei overtallige einingsleiarane har meldt sin interesse for desse.

Følgjande einingsleiarstillingar er vakante:

Barnehagar

  • Sunde barnehage

Helse og sosial

  • Psykiatri/ rus
  • Fysio/ergo
  • Dagtilbod/ Aktivitetssenter

Omsorg

  • Naustdal sjukeheim
  • Heimetenester, innesone Førde
  •  Bu- og miljøteneste, Førde
  • Kjøkkentenesta
  •  Bu- og miljøteneste, Gaular
  •  Bu- og miljøteneste, Jølster

Kultur og idrett

  • Bibliotek

Teknisk og miljø

  • Reinhald Vaskeri

Desse stillingane skal no lysast ut eksternt. Når det skal skje, vil eg kome attende til.

Vi gjer merksam på at einingsnamnet etter ein eigen gjennomgang, kanskje vil ha ein anna ordlyd og skrivemåte.

Stabane
Det har også vore arbeidd med tilsetting/innplassering av tilsette som arbeider i stabar og støttetenestene.  Det er omstillingsutvalet som har kome med tilråding til rådmannen, og tilrådinga har vore drøfta med dei tillitsvalde 2.november.  Det er i stor grad samsvar mellom ønska dei tilsette hadde om arbeidsoppgåver og det dei no har fått tilbod om. Det er i denne omgangen bestemt kva eining dei ulike arbeidstakarane skal arbeide i, men det er ikkje tatt stilling til den fysiske arbeidsstaden enno.  Dette må vi kome tilbake til i samband med utarbeiding av arbeidskontrakter våren 2019.

På eitt område har eg bedd om at det vert arbeid vidare med organiseringa/innplasseringa.  I forslaget frå omstillingsutvalet var arbeidsoppgåver knytt til eigedomsskatt lagt til eininga Areal- og byggesak.  Eg ønskjer at det blir arbeidd vidare med korleis vi organiserer fakturering av alle dei kommunale eigedomsgebyra/-avgiftene.

Kva skjer vidare?
Dei nye einingsleiarane skal no arbeide vidare med korleis dei ønskjer å organisere dei nye einingane.  Dette arbeidet skal vere avslutta innan 1. desember, og då startar arbeidet med å tilsette/innplassere resten av arbeidsstokken.  I løpet av første kvartal 2019 skal alle ha fått avklart arbeidsoppgåver og kva eining ein skal tilhøyre.

Leiarsamling 6. og 7. november
Desse dagane reiser alle leiarane og dei hovudtillitsvalde til Loen for å ha den første felles leiarsamlinga i Sunnfjord kommune.  Tema på samlinga vil vere visjon, verdiar, leiaravtale og god leiing.

Kommunevåpen og grafisk profil
I  møte 17.oktober vedtok fellesnemnda nytt kommunevåpen – «4 elvar».

I saksutgreiinga til fellesnemnda heiter det:

Tanken bak motivet «fire elvar» Sunnfjord blir óg kalla Fosseheimen av nokre, med over 50 store og små fossefall i dei fire elvane Nausta, Gaula, Anga og Jølstra. I arbeidsmøte har vi kome fram til at det typiske landskapet her, er dei mange vassdraga. Dette har vi latt oss inspirere av, og har jobba fram eit forenkla, reint og abstrahert symbol for foss, bygd opp av geometriserte former frå den særprega Viksdalsmalinga. I overført tyding spelar «Fire elvar» på det symbolske i at fire store vassdrag møtes og går saman i ei større eining. Saman er vi sterkare, og vi drar samla vidare. Retninga elva renn i, fyller samtidig symbolet med ein vekst, energi, kraft og vilje oppover og framover.

Det blir no arbeidd med ein ny grafisk profil som skal nyttast i rapportar, heimesider, brev og liknande. Vi håpar profilen skal vere klar før nyttår.

Samling for alle tilsette og politikarar – fagleg påfyll og festleg samvær
15. november 2019 skal vi arrangere ei stor samling i Førdehuset for alle tilsette og politikarar i dei fire kommunane. Reserver tidspunktet alt no!