Teiknekonkurranse kommunevåpen

Kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde vert Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. No startar arbeidet med å utforme kommunevåpenet til den nye kommunen.

Vi inviterte derfor alle som har idear til å sende inn forslag innan 1.mai 2018. Teikningane vart mange og idenae gode. I alt 828 deltok.

Det vart delt ut ein premie på 10 000 kroner. Vinnaren vart trekt tilfeldig blant alle som deltok. Mats Kalstad  Dvergsdal vart den heldige vinnaren og fekk 10 000 kroner til klassen sin, 7A Halbrend skule.

Alle bidrag som er levert inn blir no vurdert av fagmiljøet som skal utforme det nye kommunevåpenet Ideane som ligg i bidraga vil vere utgangspunktet til det nye kommunevåpenet.

Konkurransereglar

1. Motivet må være lett gjenkjennelig og representere den nye kommunen på en god måte
2. Fargar: Kommunevåpenet skal kun ha to fargar
3. Fargane må vere reine og klare utan nyanser og sjatteringar
4. Motivet bør fylle flata godt, vere forenkla og utan unødvendige detaljar
5. Våpenet bør vere enkelt å kjenne igjen i fart i trafikken, på avstand og i lite format
6. Motivet skal vere ei rein flateteikning, utan bruk av perspektiv og skyggelegging
7. Forslaga må vere levert innan 1.mai 2018
8. Du kan sende så mange forslag du vil, så lenge kvart av forslaga fyller krava
9. Teikningane som blir sendt inn er offentlige, og kan bli  publisert  i tykte og digitale kanalar
10. For å vere med i trekninga av premien på 10 000 kroner må du oppgje namn på eit lag, organisasjon, klasse i grunnskulen, SFO eller barnehage som mottakar av premien
11. Den politiske prosjektgruppa for identitet og symbol trekk ein tilfeldig vinnar som vinn 10 000 kroner til laget, organisasjonen, skuleklassa, SFOen eller barnehagen som er oppgjeve
12. Laget eller organisasjonen du oppgjev må vere registrert i Brønnøysundregisteret i ein av dei fire kommunane som blir Sunnfjord kommune for å kunne vinne
13. Del tek du for ei skuleklasse, så vil premien gå til klassekonto
14. Deltek du for SFO, så vil premien gå til SFO
15. Deltek du for barnehagen din, så vil premien går til barnehagen

Sjå nokre av forslaga til motiv på kommunevåpen

Har du spørsmål – ta kontakt med:

Bilete av Anita  Eide  Kvamme
Anita Eide Kvamme
Einingsleiar Sande omsorgssenter/ nestleiar fellesnemnda/ leiar symbol og identitet
Gaular kommune, Arbeiderpartiet

Følg oss på Facebook