Det er no høyring for skuleruta 2019/2020. Det er også høyring eit framlegg om at alle elevane i dei fire Sunnfjord kommunane skal ha 5-dagars skuleveke frå 2019/2020.
Skulerute 2019/2020
Det ligg føre eit samordna framlegg til skulerute for elevane i Sogn og Fjordane frå skuleutvalet og Fylkeskommunen. Dei skulefagleg ansvarlege i dei fire kommunane tilrår at dette vert skulerute for elevane i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal for skuleåret 2019-20.
Her finn du framlegg til skulerute 2019-2020: Skulerute 2019-2020
5-dagars skuleveke for alle
Det vert og sendt ut på høyring eit framlegg om at alle elevane i dei fire kommunane frå skuleåret 2019-20 skal ha 5-dagars skuleveke. Dette er normalordninga i dei fleste kommunane og Førde har hatt denne ordninga sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006. Dei skulefagleg ansvarlege tilrår at dette og vert normalordning for elevane i dei fire kommunane. Saka vert fremja for Fellesnemnda for Sunnfjord som gjev ei tilråding til kommunane. Sidan ordninga er tenkt gjort gjeldande frå august 2019 vert saka og handsama i dei fire kommunane som skuleeigar.
Høyringsfrist er sett til 1. desember 2018