Rein Design og Haltenbanken er engasjert av det politiske prosjektet for symbol og identitet til å utforme kommunevåpen for Sunnfjord kommune. Motiva i bileta under har vore på høyring, og nærmare 400 har sagt si meining.

828 innsendte teikningar, tre spørreundersøkingar, tallause koppar kaffi, arbeidsmøter og kvalitative intervju med 58 utvalde personar i kommunen har gitt retning i arbeidet, og vår vakre natur er det som oftast blir trekt fram som karakteristisk for kommunen. Etter å ha gått rundar på utprøvingar av ulike skisseretningar, har vi landa på dei to retningane du ser her. Blå og grønne nyansar går att i dei ulike undersøkingane. Vi arbeidar derfor med ulike variantar rundt desse to fargane.

Retning 1 : «Fire elver»

Tanken bak «fire elvar»
Sunnfjord blir óg kalla Fosseheimen av nokre, med over 50 store og små fossefall i dei fire elvene Nausta, Gaula, Anga og Jølstra. I arbeidsmøter har vi kome fram til at det typiske landskapet her, er dei mange vassdraga. Dette har vi latt oss inspirere av, og har jobba fram eit forenkla, reint og abstrahert symbol for foss, bygd opp av geometriserte former frå den særprega Viksdalsmalinga.

I overført tyding spelar «Fire elver» på det symbolske i at fire store vassdrag møtes og går saman i ei større eining. Saman er vi sterkare, og vi drar samla vidare. Retninga elva renn i, fyller samtidig symbolet med ein vekst, energi, kraft og vilje oppover og framover.

Retning 2 : «Vi er Sunnfjord kommune»

Tanken bak «vi er Sunnfjord kommune»
Like viktig som vakker natur, er vi menneska som bur her. Dette forslaget viser elva som buktar seg gjennom landskapet; ein kan sjå bølgande fjell og dal, fjord og vassdrag. Men forslaget viser òg pulsen, drivet og krafta til menneska som bur her. Vi som saman utgjer det unike med Sunnfjord, det som skiljer oss frå andre stader på Vestlandet.

Forslaget er bygd opp av ein tradisjonell, heraldisk bjelke, som går over til ein mjukare organisk form. Med si reine og klåre enkelheit vil dette valet vise at vi har mot til å velge eit nyskapande og unikt kommunevåpen.