Første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune

6. og 7. november 2018 vart den første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune gjennomført. Til stades var om lag 80 spente og engasjerte leiarar, hovudtillitsvalte og verneombod.

Samlinga starta med innslag frå kulturskulane våre – song, tekst, bilde og video.

Etter innleiing av prosjektleiar Ole John Østenstad om forventningar som ligg til den nye kommunen, vart dagane nytta til å arbeide med spørsmål knytt til visjon, verdiar og leiingsprinsipp.

Kvifor er det viktig for Sunnfjord kommune å ha ein visjon?
Målet med ein visjon er at den skal gi oss noko å strekke oss etter – eit framtidsbilde – og som mobiliserer det beste i kvar av oss. I intensjonsavtalen for Sunnfjord kommune står det at hovudmålet med samanslåing er å «sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane» og «vere drivkraft og fylkessenter for Sogn og Fjordane». Spørsmålet blir kva visjon treng vi som framtidsbilde for å nå målsettingane som politikarane våre har vedteke?

Kva er verdiar?
Verdiar er å sjå på som grunnleggande prinsipp som vi opplever det er viktig at Sunnfjord kommune arbeider etter. Døme på verdi er respekt, open, tydeleg og kompetent.

Kvifor treng Sunnfjord kommune leiingsprinsipp?
Formålet med å utarbeide prinsipp for leiing er at dei skal hjelpe leiarane til å styre etter valte verdiar og visjon.

Har du spørsmål – eller gode innspel – ta kontakt med din næraste leiar.