For tilsette

Sunnfjord kommune får omlag 2200 tilsette. Det er mange oppgåver som skal løysast i tida fram til 2020. Prosessane er alt godt i gong på alle nivå. Det er oppretta administrative og politiske prosjekt som vil kartlegge, planlegge og bygge ny kommune. Tillitsvalde er representert i alle administrative prosjekt.

Tillitsvaldte frå hovudsamanslutningane YS, LO, Unio og Akademikerne er medlemmar av adminsitrativ styringsgruppe. Denne måten å organisere medråderett på har vist seg svært konstruktiv. Sjå organisasjonskart.

Det er mykje informasjon som vil kome i tida framover – denne nettsida og gruppa for tilsette på Facebook er nokre av stadane tilsette kan følgje med på arbeidet fram til Sunnfjord kommune.

Aktuelt tilknytt tilsette

Første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune

6. og 7. november 2018 vart den første leiarsamlinga i Sunnfjord kommune gjennomført. Til stades var om lag 80 spente og engasjerte leiarar, hovudtillitsvalte og verneombod.