Omstillingsutval

Det er oppretta eit omstillingsutval som skal kome med framlegg til innplassering av tilsette som vert berørt av omstillingane i samband med etablering av ny kommune.

Omstillingsutvalet består av følgjande medlemmar:
Arbeidsgjevar:
– Personalsjef Gaular kommune – Dag Kåre Ripe
– Personalsjef Naustdal kommune – Rolf Kalland
– Personalkonsulent Jølster kommune – Siv Kjøsnes evt rådmann Ellen Jensen
– Personalsjef Førde kommune – Jan B Moe (leiar/sekretær)

Arbeidstakarorganisasjonane
– UNIO – Christine Figenschou, Førde kommune
– LO – Ellinor Taftø, Gaular kommune
– YS – Eli Fitje, Naustdal kommune
– Akademikarane – Tor Arild Segtnan, Jølster kommune

Omstillingsutvalet arbeider no med innplassering av tilsette til dei forskjellige stabseiningane i Sunnfjord kommune; Serviceeininga, Personal og organisasjonseininga, Fagutvikling, Rekneskap/Løn/Skatt og Samfunnsutvikling/Næring.
Dette arbeidet skal vere ferdig i byrjinga av november.

Primo januar 2019 starter arbeidet med dei andre sektorane.