Ofte stilte spørsmål

Kva skjer med jobben min når kommunane slår seg saman?

I perioden frem mot 1. januar 2020 vil dei fire kommunane verte drifta normalt. Ved etablering av den nye kommunen, skjer det ei verksemdsoverdraging der alle som har ein arbeidsavtale som varer utover 31.12.2019, blir tilsette i den nye kommunen. Ingen tilsette vil bli sagt opp i samband med kommunesamanslåinga, men det kan vere at nokre tilsette får endra oppgåver.

Tilsette har rett til å reservere seg frå overdraginga. Dette har ingen hensikt ved kommunesamanslåing, då dei «gamle» kommunane ikkje lenger vil eksistere. I praksis betyr dette at tilsette som reserverer seg, vert sagt opp.

Kvar skal eg arbeide?

Dei fleste einingane vil halde fram som i dag etter kommunesamanslåinga. Dette vil typisk gjelde for stadbundne teneste som skule, barnehage og omsorgssenter.
Samanslåinga kan innebere endring av arbeidsstad for einskilde arbeidstakarar. Dette kan mellom anna gjelde stillingar innan stab, støtte og leiing. Kven dette vil omfatte veit vi først når den nye organisasjonen er klar og alle tilsette er plasserte inn i stillingane.

Får eg andre arbeidsopgåver i den nye kommunen?

Endringar av arbeidsoppgåver kan bli ein konsekvens ved kommunesamanslåinga som ein naturleg følgje av omstillinga. Dette vil særleg vere aktuelt for leiarar og administrative stillingar. Dette vert handtert i eigne prosessar i tett samarbeid med dei hovudtillitsvalde.

Kva vert løns-og arbeidsvillkåra mine?

Den sentrale tariffavtalen mellom KS og hovudsamanslutningane vil gjelde i den nye kommunen. Du har rett til å behalde løns- og arbeidsvilkår som du har på overføringstidspunktet i den nye kommunen. Arbeidsgjevar vil saman med hovudtillitsvalde, i tida fram til kommunesamanslåinga, vurdere eksisterande avtalar og protokollar i dei «gamle» kommunane. Føremålet med dette er å vurdere om kommunane sine særavtalar skal videreførast eller seiast opp. Videre vil kommunane sine reglement, retningslinjer med vidare bli harmoniserte. Etter kommunesamanslåinga kan vi oppleve at det vil vere noko ulikskap i løn- og arbeidsvilkår mellom tilsette frå dei «gamle» kommunane. Målsettinga er å harmonisere lønsskilnader over tid.

Pensjon

Pensjonsordningane er tariffesta og vil vere vidareførte som dei er i kommunesektoren også etter kommunesamanslåinga.

Kven tek i vare mine rettar som tilsett?

Det er dei hovudtillitsvalde og hovudverneomboda som representerer dei tilsette i prosessane som kommunesamanslåinga medfører og som tek i vare dine rettar.

Kva er tidsplanen for kommunereforma?

Det er laga ein tidsplan for etableringa av Sunnfjord kommune. (Det kan skje endringar i planen.)

  • Mai 2018  Overordna organisasjonskartet er vedteke i fellesnemnda.
  • Juli 2018  Alle kommunalsjefar er tilsett.
  • September 2018 Endeleg organisasjonsplan er klar.
  • November 2018 Alle einingsleiarar er tilsett.
  • Desember 2018 Endeleg bemanningsplan er vedtatt. Arbeidet med å innplassere alle tilsette startar.
  • Mars 2019 Alle tilsette er innplassert og utsending av arbeidsavtalar startar.
  • Juli 2019 Svarfrist på arbeidsavtalar.
  • Januar 2020 Sunnfjord kommune er etablert.

Kvar får eg meir informasjon?

Du får informasjon om arbeidet med å etablere Sunnfjord kommune her på nettsida. Tilsette i dei fire kommunane har tilgang til  intranett for Sunnfjord kommune.  Der vil du finne alle dokument knytt til dei ulike prosjekta og arbeidsgruppene.

Du kan også følgje prosessen på Facebooksida Sunnfjord kommune og delta i Facebookgruppa Tilsette i Sunnfjord kommune