For tilsette

Sunnfjord kommune får omlag 2200 tilsette. Det er mange oppgåver som skal løysast i tida fram til 2020. Prosessane er alt godt i gong på alle nivå. Det er oppretta administrative og politiske prosjekt som vil kartlegge, planlegge og bygge ny kommune. Tillitsvalde er representert i alle administrative prosjekt.

Tillitsvaldte frå hovudsamanslutningane YS, LO, Unio og Akademikerne er medlemmar av adminsitrativ styringsgruppe. Denne måten å organisere medråderett på har vist seg svært konstruktiv. Sjå organisasjonskart.

Det er mykje informasjon som vil kome i tida framover – denne nettsida og gruppa for tilsette på Facebook er nokre av stadane tilsette kan følgje med på arbeidet fram til Sunnfjord kommune.

Aktuelt tilknytt tilsette

Sunnfjord kommune satsar på klart språk

Dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020 har det siste året jobba med klart språk. Det gler oss difor stort å få tillit og støtte frå KS med nye 60 000 kroner. KS gir tilskot til klart språk KS har ansvar for program for klart språk i kommunesektoren og har dei siste åra delt […]