Ferietips – finn kjærleiken i sommar!

Jaktar du på kjærleiken? Då kan kommunen din  hjelpe deg (iallefall litt). Vi har klar den splitter nye kjærleikslua. 

Sunnfjord kommune har latt seg inspirere av dei grøne «singel» luene som vert nytta i fjellheimen. Ferietipset frå kommunen er derfor som følgjer – ta på deg lua, ver open for kjærleiken og ta med deg din nye kjæreste heim til Sunnfjord.

Sidan Sunnfjord kommune  ikkje tenkjer å legge seg for mykje opp i ferieplanane dine, så vil vi berre informere om at lua kan sjølvsagt nyttast andre stadar enn på fjellet. Vi har fått melding om at lua vil vere ein absolutt festival-vinnar!

Slik får du tak i lua
Hent den på ditt nærmaste kommunehus (Sande, Naustdal, Skei eller Førde).

Kriterie for å få lua utlevert

  1. Du må vere singel (vi treng ikkje dokumentasjon på dette)
  2. Du må ha plan om å faktisk bruke lua
  3. Du kjenner nokon som så absolutt hadde elska denne lua – sjølvsagt kan du hente lua for dei!

Gjenbruk
Sunnfjord kommune oppmodar til gjenbruk. Så derfor har lua ei innside som er farga hjertelig rød. Når du har funne kjærleiken, så kan du snu lua!

Atterhald 

  • Om lua ikkje skulle virke tek Sunnfjord kommune attehald om brukarfeil. Eit lite kontrollspørsmål då; har du vore på rett stad til rett tid? Jobb meir med dette.
  • Om lua skulle bli utslitt, så har du truleg brukt for lang tid. Det er mulig å be om ei ny. Revurder strategien om å tenkje seg om fem gongar.
  • Om lua verkar for godt, så er det på tide å snu den røde sida ut. Eventuelt gje den vidare til nokon andre om det tek heilt av.

Lukke til! Størst av alt er kjærleiken – god sommar.