Eigarskapsmelding Sunnfjord kommune

Dette er den første eigarmeldinga som vert utarbeidd for Sunnfjord kommune.
Meldinga gjeld for åra 2020 – 2021, og eigarmeldinga bør rullerast kvart år. Det er
Kommunedirektøren som har ansvar for rullering av meldinga, etter bl.a rapportering frå
eigarrepresentantane.

Del I av eigarmeldinga omhandlar kommunen si eigarrolle og korleis kommunalt eigarskap
skal utøvast der det kjem fram synspunkt og vurderingar av m.a. prinsipielle utfordringar,
samfunnsansvar og etikk, korleis utøve kommunalt eigarskap samt regelverk knytt til habilitet
– folkevalde i ulike rollar.

Eigarskapspolitikk er dei overordna føringane som kommunen legg til grunn for forvaltinga av
selskapa og eigardelane. Det gjeld dei system, retningslinjer og rutinar kommunen har for å
praktisere eigarskapen. Det omfattar vurderingar som vert gjort før val av
selskapsorganisering, rutinar for rapportering, premissar for val av medlemmer til styrande
organ mm. Eigarskapspolitikk er det praktiske rammeverk for kommunen si styring.
Eigarstrategi er dei føringar kommunen legg til grunn for dei ulike selskapa for å sikre at
selskapa føl dei målsettingar som eigarane har bestemt. Det vert gjort gjennom fastsetting av
vedtekter og føremål samt å gje rammevilkår som er styrande for kvalitet og utvikling av
selskapa

Del II av eigarmeldinga har omtale av kvart av selskapa som kommunen har eigarskap i og
ei vurdering av framleis eigarskap. I tillegg er det utarbeidd ei oversikt over stiftingar der
kommunen er medstiftar.

Vedtak i fellesnemnda 10.04.2019:
Fellesnemnda for Sunnfjord kommune vedtek eigarskapsmelding for Sunnfjord
kommune 2020-2021 datert 01.04.2019, med følgjande tillegg:

  • Pkt. 1.1, andre avsnitt: Meldinga gjeld for åra 2020 – 2021, og eigarmeldinga
    bør rullerast kvart år. Det er Kommunedirektøren som har ansvar for rullering
    av meldinga, etter bl.a rapportering frå eigarrepresentantane.
  • Pkt. 1.5.2: Sunnfjord kommune skal i framtida vere tilbakehalden med å gå inn
    som medstiftar i stiftingar.

Les heile meldinga her:

Eigarmelding Sunnfjord kommune versjon 2.1 – vedtatt 10.04.19