Desse får midlar til aktivitet for ungdom

Ungdomsråda gjev vekk 100 000 kroner til aktivitetar. Dei ønskjer å støtte aktivitetar som bidreg til å styrkje ein felles identitet i den nye kommunen. Juryen har no bestemt kva aktivitetar som får støtte.

Det blir tidlet 20 000 kroner til kvar av desse fem aktivitetane:

Bachvolleyball for ungdom

  • Samlingar kvar veka frå september 2019 – mai 2020
  • Nytt tilbod til ungdommane i Sunnfjord kommune
  • Meir informasjon og påmelding kjem

SunnfjordLAN

  • Nytt LAN for ungdom
  • 14-16 juni i Gaularhallen
  • Meir informasjon og påmelding kjem

Elvepaddling

  • Nytt kajakk tilbod for ungdom med organisert elvepaddling
  • Meir informasjon og påmelding kjem

Meistring i høgda – ungdomsklatring med DNT

  • Samlingar i Sunnfjordhallen haust 2019/vår 2020
  • Nytt tilbod for ungdom som vil lære å klatre
  • Meir informasjon og påmelding kjem

Gapahuk og sosial samlingsplass

  • Vert oppført i turløyper  i Bjørkelia
  • Universalutforming og tilrettelegging for bruk til alle årstider
  • Meir informasjon om prosjektet kjem

Jury
Juryen består av ein representant frå kvart av dei fire ungdomsråda og ein representant frå fellesnemnda.

  • Embla Instwgleen-Erviksæter, Førde
  • Kristian Elveseter Sande, Gaular
  • Leander Mulen Sunde, Jølster
  • Marius Hauge, Naustdal
  • Anita Eide Kvamme, fellesnemnda

Dette la juryen legge vekt på

  • aktiviteten er retta mot ungdom i Sunnfjord kommune
  • bidreg til ein felles identitet for Sunnfjord kommune
  • vil skje i 2019
  • er rusfri
  • er open for alle ungdommar som ønskjer å delta. Kan ha påmelding, men påmeldinga må vere opa for alle.
  • er noko nytt som laget/organisasjonen som søkjer ikkje alt har som ein fast aktivitet.
  • har ein god plan for gjennomføringa
  • er godt budsjettert