Den gylne pennen

Sunnfjord kommune har utvikla ein språkprofil som skal hjelpe oss til å skrive slik at det er lett å forstå kva vi meinar. Mange tilsette har gjennomført kurset «Den gylne pennen». Kurset gjer oss bevisste på korleis det er lurt å formulere seg. 

Tobias Dyregrov er i arbeidspraksis hos kommunen, og har intervjua Marit Kleiven – dama bak språkprofilen. Han har også intervjua to av dei som har gjennomført kurset «Den gylne pennen».

Marit Kleiven – fagutvikling
Språkprofilen
var ferdig i april 2018, og den vart laga av ei prosjektgruppe med deltakarar frå dei fire kommunane. Eg var prosjektleiar for dette arbeidet. Språkprofilen i den nye kommunen skal hjelpe oss å skrive klart og godt slik at lesarane forstår det vi skriv. Kommunenes sentralforbund (KS) hadde eit prosjekt for kommunesektoren om Klart språk, og vi fekk økonomisk støtte til å sette i gang prosjektet.

Etter at språkprofilen var klar tilbydde vi klarspråk-kurs for tilsette i dei fire kommunane. Vi leigde inn Jorunn Seim frå Språkbruket her i Førde som kursleiar og 98 personar gjennomførte dagskurset. I tillegg har vi oppmoda alle til å gjennomføre det elektroniske kurset «Den gylne pennen». Kurset er blitt godt motatt og det er positiv stemning.  Deltakarane synest det er nyttig og kjekt. Det tek berre 45-60 minutt og det er nok ein fordel for mange. Gjennom kurset kjem det tips og alternativ til korleis ein kan formulere seg slik at andre lett forstår kva ein skriv.

Dei som har gjennomført kurset får ein «gullpenn» som eit symbol på at dei har tatt kurset.

Magnus Pilskog Stein – brannførebygging
Eg har gjennom kurset lært meg litt meir å strukture teksten slik at den passar for dei som skal lese den. Eg skriv ein del rapportar som andre skal lese. Det er viktig at tekstane er forståelege for andre, og ikkje for berre meg. Skriving er noko vi må jobbe med heile vegen fordi vi aldri blir utlært. Eg tenker eg er blitt betre  på det språkelege – på korleis eg skal formulere meg slik at det blir enklare å forstå teksten.

Eg er veldig positiv til kurset, og at vi har retningslinjer for korleis vi uttrykkjer oss i tekstform slik at det igjen blir forståeleg for andre. Det viktig med god formidling av tekstane.

Dagun Indrebø Muri –  konsulent
Opplegget i kurset med praktiske eksempler der vi måtte prøve å skrive og komme med forslag var bra. Vi fekk også tilbakemelding på om det var rett eller gale og løysingsforslag. Det at ein må komme med eigne forslag på kva som er rett og gale synest eg var meir lærerikt enn om eg måtte sitte å lese alt. Eg synest at det festar seg bedre på denne måten.

Eg er oppteken av rett språk og det å skrive forståeleg, og gjekk inn i kurset med interesse for å lære. Eg tenkjer at det er lurt og ha litt interesse for språk dersom ein skal ta dette kurset. Eg håpar at dette kurset vil halde fram i framtida, då vi treng påfyll slik at det ikkje går i gløymeboka. Eg synest det er viktig at kursa ikkje tek for lang tid. Det må vere slik at vi har tid til å prioritere det.

Etter kurset tenker eg meir over språket eg brukar når eg svarar på epost.