Kunngjering om førehandsrøysting og ambulerande røystemottaking

Kunngjering om førehandsrøysting og ambulerande røystemottaking, i samsvar med valforskrifta § 24 og vallova § 8-3 6.ledd.


Førehandsrøysting

Innanriks veljarar som ønskjer å røyste på førehand, kan gjere det i tidsrommet 12. august til 06.september 2019.

Du kan røyste her, mån-fre, 12. til 30. august:

Førde rådhus                       Hafstadvegen 42               kl. 08.00 – 15.15

Gaular kommunehus         Vadheimsvegen 15            kl. 08.00 – 15.30

Jølster kommunehus         Ospene 1                              kl. 08.00 – 15.30

Naustdal kommunehus     Tunavegen 6                       kl. 08.00 – 15.30

 

Du kan røyste her laurdag 31. august:

Førde AMFI, skywalk        Storehagen 9                      kl. 12.00 – 16.00

Gaular kommunehus         Vadheimsvegen 15           kl. 12.00 – 16.00

Jølster kommunehus         Ospene 1                             kl. 12.00 – 16.00

Naustdal kommunehus     Tunavegen 6                      kl. 12.00 – 16.00

 

Det er utvida opningstid ved kommunehusa, mån. 2. til fre. 6. september:

Mån. 2. til ons. 4. september        kl. 08.00 – 16.00

Tors. 5. september                         kl. 08.00 – 17.00

Fre. 6. september                           kl. 08.00 – 18.00

 

Du kan røyste ved følgande institusjonar:

Helsetunet i Førde                                                oppslag på institusjonen

Helse Førde                                                             oppslag på institusjonen

Gaular bygde- og sjukeheim                                oppslag på institusjonen

Skei omsorgssenter                                               oppslag på institusjonen

Vassenden omsorgssenter                                   oppslag på institusjonen

Naustdal sjukeheim                                               oppslag på institusjonen

Høgskulen på vestlandet, campus Førde          oppslag på institusjonen

 

Dersom førehandsrøysta di skal sendast til ein annan kommune, ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga når fram til det andre valstyret innan 10. september kl. 17.00, ver difor tidleg ute.

Ta med valkort og gyldig legitimasjon når du skal førehandsrøyste.

Ambulerande røystemottaking

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp på valdagen eller røyste på førehand på anna vis, kan du be om å få røyste heime eller der du har tilhald.

Søknad om å få røyste til ambulerande røystemottakar må sendast til Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde innan 03.09.2019. Eller du kan ringe til Servicetorget i kommunen du bur i for å gjere avtale.

Her finn du meir informasjon om førehandsrøystinga i nye Sunnfjord kommune.

Har du spørsmål om noko, ta kontakt med valstyret på telefon: 57722000

 

For valstyret i Sunnfjord kommune

Leiar i valstyret

Olve Grotle

Kunngjering om utlegging av manntalet

Kunngjering om utlegging av manntalet, etter vallova § 2-6, § 2-7.

Står du i manntalet?

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved kommunestyre- og fylkestingvalet 9. september 2019.

Du kan sjå etter om du står i manntalet for nye Sunnfjord kommune når det ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 15. juli 2019 til 06. september 2019, på følgande stader:

  • Servicetorget i Førde rådhus, Hafstadvegen 42
  • Tenestekontoret ved kommunehuset på Sande, Vadheimsvegen 15
  • Spar Sande J.O. Tyssekvam, Vadheimsvegen 1
  • Viksdalen handel AS, 6978 Viksdalen
  • SPAR Bygstad O. A. Lunde AS, 6977 Bygstad
  • Tenestekontoret ved kommunehuset på Skei, Ospene 1
  • Coop Marked Vassenden, Jølstravegen 885
  • Servicetorget i Naustdal kommunehus, Tunavegen 6
  • Fjordbutikken AS, 6817 Naustdal
  • Joker Naustdal, 6817 Naustdal

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har teke imot flyttemelding frå deg innan 30.06.2019, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga teke imot etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå. Du kan velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand.

Her finn du meir informasjon om røysterett og manntal.

Klage

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan, med urett er innført eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven.

Klage sendast til:
Valstyret
Sunnfjord kommune
Pb 338
6802 Førde

Godkjende vallister

Valstyret har godkjent listeforslag til kommunestyrevalet 2019 i Sunnfjord kommune.