Høyring av gebyrforskrifter for teknisk sektor

Fellesnemnda for Sunnfjord kommune ber om innspel til nye forskrifter. Forskriftene skal gjelde frå 1. januar 2020.

Forskrift om feie og tilsynsgebyr

Forskrift om vass- og avløpsgebyr

Forskrift om gebyr for reguleringsplan, bygge- og delesaksbehandling, oppmåling og eigarseksjonering

Høyringsfrist

Frist for innspel er 1. juli 2019.

Slik kan du sende innspel

Gaular kommune tek imot høyringssvar på vegner av fellesnemnda for Sunnfjord kommune. Du kan sende innspel til:

Heilskapleg adressering Sunnfjord kommune

Det er ei nasjonal målsetting at alle adresseverdige bygningar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse, med adressenummer og eventuell tilleggsbokstav. Det er no viktig at det vert ein einsarta og lett forståeleg adressesystem i dei fire kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Det er i denne samanheng oppretta eit felles adresseprosjekt skal sikre ein heilskapleg politikk for adressering i den nye kommunen.

For å sikre ei slik adressering er det no utarbeidd ei felles lokal adresseforskrift for desse kommunane. Forslaget er utarbeid av ei prosjektgruppe samansett av ein person frå kvar kommune. Ny adresseforskrift er no vedteken for nesten alle kommune, Naustdal kommune vil fremje vedtak i neste kommunestyre.

Ny adresse forskrift kan de finne her; Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde Gaular Jølster og Naustdal Sogn og Fjordane

Prosjekt i teknisk sektor

I høve kommunereforma er teknisk sektor organisert gjennom fleire delprosjekt. Innan teknisk sektor førebur og planlegg vi for at Sunnfjord kommune kan levere kvalitativt gode tenester til våre innbyggjarar i heile kommunen. Delprosjekta aktiviserer over 30 tilsette, arbeidet er difor viktig også for at våre leiarar og tilsette i Naustdal, Jølster, Gaular og Førde bygg felles kompetanse og kjennskap til kvarandre.

Foreløpig er reformarbeidet innan tekniske tenester delt opp i 5 delprosjekt